KOMMENTAR:
Avstanden mellom læra frå rikspolitikarane og det praktiske strevet i kommunane kan vera stor.
Når færre enn halvparten av Høgres toppkandidatar i kommunane seier ja til private aktørar ved sjukeheimane, må me tru at dei meiner det viktigaste er at dei strevar med å gje best mogeleg tenester til dei som treng det.
Meir ideologiske spørsmål kjem i bakgrunnen. I mange små kommunar er det vanskeleg å finne grunnlag for å konkurranseutsetje eller privatisere.
Det er for få menneske, og det er rett og slett ikkje forretningsmessig grunnlag til at private aktørar finn det interessant å tevle om kontrakter.
Skiljeliner
I rikspolitikken freistar høgresida og venstresida å føre ein ideologisk kamp om privat eller offentleg velferd.
Dei ideologiske vyene over dette gjer at rikspolitikarane meiner dei syner fram klåre skiljeliner eller alternativ for veljarane. Men dermed gjev dei seg også ut i overdrivingar som neppe er av det mest tillitvekkjande slaget for dei same veljarane i kommunane rundt om.
Det er ikkje alltid dei politiske motsetnadene om slike saker er så store. Det er gjerne meir spørsmål om kven veljarane har mest tillit til at kan styre dei kommunale velferdstenestene.
Dermed er det også ei pedagogisk utfordring for rikspolitikarane å forhalde seg til spennet mellom prinsipp og praksis når det gjeld kjerneområde som omsorg og pleie.
Det glimtet av røyndomen me har fått gjennom svara frå toppkandidatane syner at den overordna debatten for dei mange praktiske føremål er ein skinndebatt. I ein viss mon med unntak for dei store byane.
Bykamp
Det er i kampen om dei store byane me ser mest til eit rikspolitisk mønster i ein kommunevalkamp.
Og diskusjonen om privat/offentleg er i praksis i hovudsak eit spørsmål for dei store kommunane.
Men me ser også at Høgres toppkandidat i ein storkommune som Kristiansand er heilt uinteressert i konkurranseutsetjing.
I hovudstaden går Framstegspartiet svært langt i sine ynskje om å privatisere den utøvande omsorgstenesta.Og det er ein klårt annan politikk t.d. Arbeidarpartiet står for.
Men også Arbeidarpartiets frontfigur i Oslo, Rune Gerhardsen, seier han ikkje vil avvikle samarbeidet med private tenesteytarar.
Når det kjem til praksis er den ideologiske overbygnaden altså ikkje lenger blankpussa på nokon av sidene av dei skiljelinene rikspolitikarane prøvar å teikne.
Det legg nok også veljarane merke til.