NRK Meny
Normal

Listhaug: – Riktig å auka matvareprisane

Ap gir tommel opp til den «nye Listhaug» etter at Frp-landbruksministeren drog i land ein jordbruksavtale som både aukar inntektene til bøndene og matvareprisane. I opposisjon ville Frp kutta i overføringane med 7 milliardar kroner.

Lars Petter Bartnes og Sylvi Listhaug

Fredag blei det klart at staten og Norges Bondelag er samde om ein jordbruksavtale med ei ramme på 400 millionar kroner. Det er 310 millionar meir enn landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) i utgangspunktet ville tilby bøndene.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Knut Storberget

Knut Storberget i Ap er positivt overraska over at Frp-landbruksminister Sylvi Listhaug har inngått ein jordbruksavtale som både medfører høgare inntekter for bøndene og dyrare mat.

Foto: Scanpix/NTB

Norges Bondelag blei fredag samde med staten om ein jordbruksavtale med ei ramme på 400 millionar kroner.

Årets avtale medfører ein inntektsauke for bøndene på 13.000 kroner per årsverk neste år og ein auke i matprisane på 130 kroner i året for ei gjennomsnittshushaldning.

Ap likar «den nye» landbruksministeren, seier landbrukspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Knut Storberget i Politisk kvarter på NRK P2.

– Oppgjeret i år var noko heilt anna enn det me kunne ha venta oss når me såg Frp i opposisjon. Dei ville milliardar. Frp har påpeika at den norske maten er for dyr, no aukar dei målprisane. Slikt sett kan me sukka letta ut, seier Storberget.

Listhaug: – Riktig å auka matvareprisane

Ramma for avtalen er lågare enn bøndene sitt krav, men 310 millionar meir enn det opphavlege tilbodet frå landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

– Frp har ikkje reint fleirtal i norsk politikk og må samarbeida med andre parti. Eg er glad for at me fekk i stand ein avtale og at Bondelaget no er med på strukturendringane som kom i fjor, påpeikar ministeren.

– Me har redusert prisauken på mat. I forhold til den raudgrøne regjeringa vart auken halvert i fjor og i år blir det enda lågare, legg ho til.

Listhaug synest regjeringa måtte strekkja seg vel langt i forhandlingane med bøndene, men meiner likevel at det var riktig å auka matvareprisane med om lag ein tiar i månaden for ein gjennomsnittsfamilie.

Det ville du aldri ha sagt i opposisjon?

– Me har fått til ein avtale, det er viktig for meg. I opposisjon kunne eg ha drive med opposisjonspolitikk, slik Storberget gjer. Det kan ein ikkje i regjering, svarar statsråden.

Ifølgje Senterpartiet er jordbruksavtalen langt ifrå god nok til at dei kan stilla seg bak Frp sin politikk.

– Dette er eit oppgjer som aukar inntektsforskjelane mellom bøndene og andre grupper. Det skapar ikkje glede hos Senterpartiet, seier partiet sin landbrukspolitiske talsperson, Geir Pollestad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger