Hopp til innhold

Listhaug: – Kan bli endå strengare asylpolitikk

Om naudsynt innfører regjeringa ein naudparagraf som fører til at asylantar frå Sverige kan bli avviste ved grensa. – Vi må vere budde på det verste, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp)

Sylvi Listhaug

STRENGARE: Om det vert naudsynt kan Noreg få endå strengare asylpolitikk til våren. – Vi må tole å stå i stormen, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Vi kan ikkje kome dit Tyskland og Sverige er, og må om naudsynt stramme inn meir, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til NRK.

Det har vore stille frå ministeren sidan fredag då ho i ein epost til NRK kunne fortelje at ho, så snart som råd, vil ta opp att utsendingane frå Finnmark så snart russiske myndigheiter tillèt det.

Nye innstrammingar kan skje

Ankomstsenter Finnmark, Vestleiren

VENTAR: No sit det svært mange og berre ventar på behandling av søknadane sine i Finnmark.

Foto: Amund Trellevik/NRK

For fredag vart det klart at russiske myndigheiter nekta å ta imot asylantar frå Noreg over grensa ved Storskog i Finnmark. Politiets utlendingseining (PU) fekk melding om dette gjennom media, og deretter har kritikken hagla mot regjeringa.

Listhaug sjølv avviser at situasjonen ber preg av kaos.

– Fleire prøver å seie at dette er kaos. Vi sende ut 200 før jul og då vart det ikkje mykje merksemd kring det. Men etter nyttår har mediefolk, hjelpeorganisasjonar og andre engasjert seg, og dermed vert det auka fokus.

Ministeren meiner det politiske miljøet må stå samla for å vise at Noreg fører ein streng asylpolitikk.

– Det kan eksplodere til våren der over ein million flyktningar tek seg til Europa. Vi må ha ein konsekvent asylpolitikk.

– Stengjer de grensene då?

– Vi skal ha ein streng, men rettferdig asylpolitikk. Vi har ute på høyring no 40 punkt for innstramming, og eit av dei er ein naudparagraf, fortel Listhaug.

I praksis vil det bety at grensa til Sverige vert kontrollerte av grensevakter for å hindre at asylstraumen aukar inn til Noreg.

Det vert no arbeidd aktivt for at russiske myndigheiter skal opne opp for at asylantar skal kunne sendast over grensa frå Noreg til Russland.

Russland vil ha drøftingar

– Russland har seint oss ei note der dei ønskjer å ha nokre drøftingar før vi kan ta opp utsendingane, seier Listhaug.

Justiskomiteen på Stortinget reiste måndag til Polen, samstundes som FNs flyktningkommissærs Nord-Europa-sjef, danske Pia Prytz Phiri, vitja den mykje omstridde Vestleiren ved Kirkenes.

Der helga også kritikken for Noreg si fengsling av asylbarn, og Phiri bad om at alle asylsøkjarar sine søknader vert handsama.

Søndag var Venstres nestleiar Ola Elvestuen på bana med oppmoding til statsministeren for å stramme opp Listhaug kraftig.

– Listhaug bør byrje å gjere jobben sin, sa Elvestuen søndag.

Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås (Ap) har i eit skriftleg spørsmål til Listhaug bede ho forklare korleis Noreg har sikra at asylsøkjarar som vert returnerte til Russland ikkje vert sende vidare til Syria eller andre utrygge område.

– Vi må stå i stormen, og bu oss på det verste, seier ministeren.

Les også: Venstre ber statsministeren stramme opp Listhaug

AKTUELT NÅ