Listhaug svarar på Bergs kjøtt-kutt: – Formyndarpolitikk

Lan Marie Berg (MdG) meiner folkehelseminister Sylvi Listhaug bør juble når byrådet i Oslo vil kutte kjøtforbruket. – Eg blir aldri glad av formyndarpolitikk, svarar Listhaug.

Då det raud-grøne byrådet i Oslo la fram sin politiske plattform for dei neste fire åra i dag, erklærte dei at Oslo skal redusere kjøt-forbruket betydeleg.

I byrådsplattformen som Ap, MdG og SV la fram lovar dei følgande:

  • Innføre vegetarmat som standardval på kommunale arrangement.
  • Halvere kjøtforbruket i Oslo kommunes kantiner og institusjonar innan utgangen av 2023.
  • Alltid tilby eit fullverdig vegansk alternativ.
  • Jobbe for å redusere reklametrykket for kjøtt og usunn mat på kommunale flater.

Utfordra folkehelseministeren

Med eit breitt smil og til latter frå byrådsleiar Raymond Johansen (Ap), sendte MdGs Lan Marie Berg ei helsing direkte til FrPs nestleiar og statsråd Sylvi Listhaug.

– Vegetarmat er populært og sunt og difor tenker eg også at dette er noko som folkehelseministeren vår blir glad for.

Folkehelseminister Listhaug markerte seg rett etter at ho fekk statsrådsposten med å gå ut i NRK og erklære at folk må få røyke, drikke og spise så mykje raudt kjøt dei berre vil.

Ho understreka at det ikkje er ei politisk oppgåve å fortelje folk kva dei skal og ikkje.

Frp landsmøte 2018

Sylvi Listhaug tar seg ein røyk under ein pause i FrPs landsmøte 2018

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Formyndarpolitikk

No meiner Listhaug at det er nettopp det Lan Marie Berg og Oslo-byrådet gjer.

– Eg blir aldri glad når eg høyrer at nokon legg fram formyndarpolitikk som tek sikte på å bestemme kva folk skal spise eller bør spise. Rett og slett å blande seg inn i folks liv, det er ikkje politikk eg likar.

– Kva gjer at du meiner det er formyndarpolitikk?

– For eksempel å pålegge å kutte kjøt-forbruket med 50% på institusjonar. Ein av hovudutfordringane blant eldre på sjukeheim er jo at dei eldre er underernærte, vi reknar at rundt ein av tre er underernært eller står i fare for å bli det. Då er det ikkje viktigast å kutte kjøt-forbruket, men å sørge for at dei får den maten dei ønskjer slik at dei får i seg nok næring. Eg synest byrådet i Oslo har eit merkeleg fokus.

– Viser ikkje dette nettopp at dei raudrøne har politiske verkemiddel for å få til folkehelse-endring der du ikkje har så mange tiltak?

– Det viser at dei ønskjer å bestemme over folk. Det er klassisk sosialistisk politikk å definere kva som er bra for folk og deretter ønske å styre kva folk skal gjere.

– Har du verkemiddel for å få ned kjøt-forbruket då?

– Det er gjennom informasjon, å få fram at det er viktig å spise variert. Men eg ønskjer ikkje verkemiddel der ein brukar pisken og bestemmer over kva val folk skal ta.

SISTE NYTT

Siste meldinger