Hareide: – Listhaugs kritikk samlar KrF

Frp-nestleiar Sylvi Listhaugs kritiserer i boka si KrF for ikkje å verne om den kristne kulturarven. KrF-leiaren meiner den framstillinga ikkje har rot i verkelegheita.

Listhaug med ny bok

Sylvi Listhaug lanserte boka si «Der andre tier» på ein pressekonferanse onsdag.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Akkurat no trur eg boka til Listhaug samlar KrF, seier partileiar Knut Arild Hareide.

Onsdag lanserte Frp-nestleiar Sylvi Listhaug boka «Der andre tier». I boka går ho til åtak på KrFs nestleiarar for ikkje å gå mot muslimske bønerop og muslimsk innvandring.

Hareide meiner at ho kritiserer nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad «på ein urimeleg måte», og viser til at Listhaug tidlegare har angripe han også.

– Eg trur ikkje han har lese boka, kontrar Frp-nestleiaren.

Kristen kulturarv

I boka nemner Listhaug også radiodebatten der ho sa at KrF-leiaren «sleikar imamar oppetter ryggen», og skriv at ho burde valt andre ord, men at ho blei provosert og skulda for løgn av Hareide.

Vidare hevdar ho at mange kristne har forlate KrF dei siste åra fordi partiet ikkje er godt nok til å slå ring om den kristne kulturarven.

– Eg trur det er eit samla KrF som opplever at den framstillinga Listhaug gir, ikkje har rot i verkelegheita. Er det eitt politisk parti som løfter dei kristne verdiane og ser verdien av våre kristne røter, så er det verkeleg KrF, seier Hareide.

Listhaug understrekar at ho nesten ikkje bruker tid på å snakke om KrF i boka. Kritikken mot partileiinga i KrF rommar til saman éi side. Ho trur ikkje boka vil spele nokon rolle for KrFs retningsval 2. november.

– Boka dreier seg ikkje om dei, men om å bli kjent med meg, seier ho.

– Ikkje så oppteken av KrF

På pressekonferansen for lanseringa av boka, snakka Listhaug også lite om KrF, men gjekk heller til kraftig åtak på Jonas Gahr Støre.

– Boka var ferdig før prosessen i KrF starta. KrF er eg ikkje så oppteken av. Dei må gjere sine val, seier Listhaug.

Ho vonar at KrF vel ikkje-sosialistisk side og kanskje til og med blir med i regjeringa.

– Det er KrF som sit med nøkkelen til om Solberg skal få halde fram eller om Støre, som eg meiner er lite eigna, blir statsminister.

– Men Hareides venstresving blir grunngjeven med misnøye med Frp?

– Det må KrF ta ansvar for sjølv. Frp har heile vegen stått for sin politikk. Hareide må ta ansvaret dersom han skal innsette Støre.

– Kunne du ha ordlagt deg annleis?

– Vi skal framleis vere oss sjølve, vere Frp. Det som har skapt partiet vårt, er at vi er litt annleis, seier Listhaug.

Listhaug med ny bok

Sylvi Listhaug har gitt ut ei ny bok om seg sjølv og kva ho står for.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Dette skriv Listhaug

I boka peikar Listhaug på at Bollestad skal ha sagt «at det ikkje var noko problem med muslimske bønerop, så då var det ingen grunn til å forby det (...). Eg trur mange reagerer på dette og spør seg sjølve om kvifor vi skal utslette vår eigen kulturarv og samtidig heile tida godta alt frå alle andre».

Om Ropstad skriv Listhaug at det «verste av alt var då KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad gjekk ut i valkampen i 2017 og sa at 10.000-15.000 nye muslimar inn i landet var heilt uproblematisk, sidan det er sekulære nordmenn som truar dei kristne verdiane. Det er ein absurd logikk». Ho meiner det er trist at KrF ikkje reagerer på kvinner i nikab i Oslo.

«Eg snakkar ofte med KrF-veljarar som synast utviklinga i partiet deira er trist», konstaterer ho så.

Pressekonferanse om boka «Der andre tier» av Sylvi Listhaug

Pressekonferanse om boka «Der andre tier» av Sylvi Listhaug

SISTE NYTT

Siste meldinger