Hopp til innhold

Listhaug: – Eg overreagerte ikkje

Matminister Sylvi Listhaug (Frp) er glad for at maten i daglegvarebutikkane har blitt billegare, men avviser skuldingar om å ha overdramatisert prishoppet i sommar.

Sylvi Listhaug i fjøset

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner framleis at maten i Noreg er for dyr. Ho vurderer fleire tiltak for å få meir konkurranse og billegare mat hjå daglegvarebransjen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Mat og landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) får kritikk frå fleire hald etter at ho i august kalla inn alle dei store i matbransjen til møte i departementet for å svar på kvifor maten var blitt så dyr.

Bakgrunnen for møtet var eit historisk stort prisbyks på mat frå juni til juli. I etterkant har maten blitt billegare – slik den vanlegvis blir når det går mot haust.

Det viser tal publisert av Statistisk sentralbyrå (SSB) i dag.

– Overreagerte ikkje

Eit PR-stunt, meiner Senterpartiet om Listhaug sin reaksjon på prishoppet i sommar. Snevert analysegrunnlag, seier bransjeorganisasjonen Virke.

Listhaug sjølv meiner framleis at ho gjorde rett i å kalla inn bransjen på teppet.

– Eg overreagerte absolutt ikkje. Det var all grunn til å reagera på eit prishopp som var det høgaste på 30 år. Eg meiner det er ein landbruks- og matminister si oppgåve å vera oppteken av forbrukarane og vera ei vaktbikkje når ein synest at prisauken er for stor, seier statsråden til NRK.

Matprisane gjekk ned med 1,3 prosent frå juli til august.

Prisutvikling det siste året viser derimot at maten blir dyrare. Matprisane var 2,8 prosent høgare i august i år enn i august i fjor.

Ei gjennomsnittleg norsk hushaldning brukar i underkant av 12 prosent av inntekta si på mat, ifølgje SSB. Det er omtrent på nivå med Danmark, Sverige og Finland, viser tal frå Eurostat.

Nordmenn betalar likevel for mykje for maten sin, meiner Listhaug.

– Eg meiner norsk mat er dyr. Det er litt for enkelt å snakka om gjennomsnittsinntekta. Svært mange tener svært godt i Noreg. Men det er også mange som har lite. Me må tenkja på dei også når me skal leggja på rette for matvareprisane, seier Listhaug.

Skal finna syndebukken

Ingvill Størksen, direktør for daglegvare i Virke

- Det er marknadskreftene som held prisane nede – ikkje Listhaug, seier direktør for daglegvare i Virke, Ingvill Størksen.

Foto: Virke

Etter møtet med daglegvarebransjen i august er Listhaug framleis usikker på kven som har skulda for at prisane stig.

– Daglegvarehandelen og leverandørane skuldar på kvarandre. Eg kjem til å fortsetja jobben med å finna ut kor marginane går. Det er behov for konkurranse i heile verdikjeda – også i daglegvareleddet, meiner Listhaug.

Virke, som blant anna representerer Norgesgruppen og ICA, meiner butikkane tvert imot er med på å jekka ned prisnivået, og at det er dei som produserer maten som tek seg godt betalt.

– Dersom ein ser på heile det siste året har matindustrien sine prisar til daglegvarehandelen auka meir enn prisane som forbrukaren betalar. Det er marknadskreftene som held prisane nede – ikkje Listhaug, seier direktør for daglegvare i Virke, Ingvill Størksen.

Landbruksdepartementet er no i gang med å sjå på lova om god handelsskikk og andre tiltak for å auka konkurransen i heile verdikjeda.

Prisendring for diverse matvarer 2013-2014

Matvare 

Endring i prosent

Kaffi, te, kakao

 4,5

Fisk

 4,3

Frukt

4,3

Grønsaker

4,3

Olje og feitt

3,6

Mjølk, ost, egg

3,1

Mineralvatn, juice

3,1

Andre matvarer

2,1

Brød og kornprodukt

1,9

Sukker, syltetøy, sjokolade m.m.

1,9

Kjøtt

1,8

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ