Hopp til innhold

Likestillingsombodet vil ha nye reglar for foreldrepermisjon

Likestillings- og diskrimineringsombodet er einig i ESA-kritikken av Noreg, og meiner dei norske reglane for foreldrepermisjon og foreldrepengar må endrast fordi dei er diskriminerande.

Jens Kyed med barna på tur

Jens Kyed har fem barn, men har berre vore heime i permisjon med det eldste barnet. ESA meiner den norske ordninga med betalt foreldrepermisjon er diskriminerande og i strid med EØS-reglane.

Foto: Privat

I november konkluderte EØS-tilsynet ESA med at den norske ordninga for betalt foreldrepermisjon er diskrimerande og bryt med EØS-reglane. I Noreg har begge foreldra krav på ti veker betalt foreldrepermisjon ved fødsel eller adopsjon, ifølge Folketrygdlova.

I tillegg kjem ein fellesperiode med permisjon som paret kan dele mellom seg, slik dei sjølve ønsker, dersom mor er i arbeid eller studerer.

ESA seier det problematisk at far ikkje har rett til betalt foreldrepermisjon, heller ikkje dei ti vekene som er øyremerka han, dersom mor ikkje oppfyller krava til foreldrepermisjon.

Kritisk ombod

No aukar presset mot norske styresmakter. Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm seier til NRK at ho meiner dette må føre til ei endring.

– Eg meiner regelverket vi har i dag er i strid med likestillings- og diskrimineringslova, og med grunnleggande prinsipp for likestilling mellom kjønna.

Likestillings- og diskrimineringsombud Hanne Inger Bjurstrøm

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er einig i kritikken mot foreldrepermisjonen som kjem frå ESA. No meiner ho det er på høg tid at norske styresmakter endrar regelverket.

Foto: Likestillings- og diskrimineringsombudet

I svaret sitt til ESA, avviser norske styresmakter kritikken av ordninga. Dei meiner den norske ordninga ikkje blir omfatta av likestillingsdirektivet, og at Noreg har eit vidt handlingsrom til å forme ordninga slik ein sjølv ønsker.

Får ikkje valet til å bli heime

Jens Kyed har berre hatt permisjon til eitt av dei fem barna sine. Grunnen er at mor ikkje var i løna arbeid under svangerskapa. Han var i permisjon med den eldste dottera fordi då var mor i jobb. Han var ein av fleire norske fedrar som klaga til EØS i 2016 fordi dei blei nekta å ta ut permisjon frå fellesperioden.

– I vårt tilfelle gjer det at fire av fem barn blir nekta å ha pappa heime til å ta seg av dei då dei var små. Dei blir nekta den pappaomsorgen som staten samtidig seier er så viktig at dei får.

Han hadde håpa at staten skulle endre reglane frå nyttår, slik at han kunne vere heime med den yngste dottera som fyller eitt år i mars. Men etter svaret frå norske styresmakter, innser han at det siste håpet ryk.

– Bør endre regelverk uansett

No skal ESA gå grundig gjennom svaret som har kome frå norske styresmakter, før dei avgjer kva som skal skje vidare. Dersom dei ikkje er fornøgde med svara dei har fått, kan dei sende saka vidare til EFTA-domstolen.

Men uansett utfall i denne saka, meiner likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm at Noreg må endre reglane for betalt foreldrepermisjon.

– Retten til ikkje å bli diskriminert er ein menneskerett. Noreg kan ikkje seie seg fornøgde med at mødrer og fedrar blir diskriminert når det gjeld uttak av foreldrepermisjon. Eg kan ikkje sjå at regjeringa har vist at det er gode grunnar til å forskjellsbehandle her.

AKTUELT NÅ