Likestille homofile og heterofile?

Magnhild Meltveit Kleppa har snudd om, og vil likestille homofile med heterofile i den nye ekteskapslova. Men ho får sterk motstand.

Redaksjon EN

Viggo Johansen i prat med Magnhild Meltveit Kleppa

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Regjeringa legg truleg fram den nye ekteskapslova fredag. Prosessen har vore ekstra vanskeleg for kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Måndag kveld stilte ho opp i Redaksjon EN.

- Sonen min snudde meg

Senterpartipolitikaren har vakse opp i indremisjonsmiljøet på Vestlandet, og var tidlegare sterk motstandar av å likestille homofile med heterofile.

I helga offentleggjorde Kleppa at ho har snudd i spørsmålet, etter mange og lange samtalar med den homofile sonen sin.

Les: Vil likestille homo- og heterofile

- Sonen min har fortalt meg historier og kome med eksempel slik at eg verkeleg forstår korleis det er å vere homofil, seier Kleppa.

Ho har fått utruleg mange tilbakemeldingar, dei fleste positive.

- Eg har fått ei mengde meldingar og e-post. Unge homofile har takka meg og fortalt historier om vanskar dei har hatt, fortel Kleppa.

Ho forstår at enkelte veljarar kan føle seg lurt.

Eg trur ikkje mange stemte på meg på grunn av mitt standpunkt i denne enkeltsaka, men om så er, forstår eg at dei er skuffa, seier Kleppa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Redaksjon EN

Jon Reidar Øyan og Trond Giske

Foto: Ivar Folkedal / NRK

Ynskjer å utsetje lova

- Kleppa er ei modig kvinne.  Eg trur det har ei veldig viktig signaleffekt. Ho gjer at vi ikkje blir sett på som annanrangsmenneske, seier leiar for Landsforningen for lesbisk og homofil frigjøring, Jon Reidar Øyan.

Les: - Ny ekteskapslov trolig sikret

KrF vil ha ei utsetjing av lova, trass i at 130 instansar har gjort greie for synspunkta sine medan lova var ute til høyring.

- Eg skulle ynskje at Krf lytta meir til alle høyringsutalingane, seier Øyan.

Bjørg Tørresdal i KrF meiner det står respekt for det Kleppa har gjort. Samtidig har ho eit anna syn på ekteskapslova enn henne.

- Vi skal sikre barna det beste, og for barna meiner eg det er best å ha ei mor og ein far, understrekar Tørresdal.

Redaksjon EN

Bjørg Tørresdal og Karl Johan Hallaåker

Foto: Ivar Folkedal / NRK

- Kulturhistorisk brot

Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, hevdar den nye lova signaliserer eit kulturhistorisk brot og at den biologiske loven bør vere heva over alt anna.

- Det fins ikkje grundig nok dokumentasjon på dette området. Eg er redd for at vi ikkje veit nok om kva konsekvensar den nye ekteskapslova har for barna, seier han.

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske meiner det er gale at ei heil gruppe skal ekskluderast som adoptivforeldre.

- Lova bør vere likeverdig for alle. Eg mistenkjer Hallaåker for å ha same standpunkt uansett kva samlege forskarar på området sa om dette, seier han.

NETT-TV: Sjå debatten her

SISTE NYTT

Siste meldinger