NRK Meny
Normal

Vil ikkje følgja Ørlandet-råd frå forsvarssjefen

I dag blir det kjent kvar forsvarssjefen meiner den framtidige kampflybasen i Noreg bør liggja. Men det er langt ifrå sikkert at regjeringa vil følgja det militærfaglege rådet, seier Høgre-politikar.

Video Forsvarssjefen vil bare ha en kampflybase

Forsvarssjef Harald Sunde går truleg for Ørlandet i Sør-Trøndelag når han i dag overleverer si tilråding i spørsmålet om kvar den nye kampflybasen i Noreg bør liggja. Høgre trur ikkje eit slikt forslag vil falla i god jord på Stortinget.

Foto: Nyhetsspiller

Stortingsrepresentant Ivar Kristiansen, (H), Nordland.

Ivar Kristiansen, forsvarspolitisk talsmann i Høgre, har lita tru på at eit eventuelt råd om kampflybase på Ørlandet vil få gjennomslag på Stortinget.

Foto: Knut Falch / Scanpix

No startar innspurten i den oppheita debatten om kvar den nye kampflybasen skal liggja.

I dag skal Forsvarssjef Harald Sunde overrekkja den endelege tilrådinga om plasseringa av den nye jagarflybasen til Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap).

I starten av november melde TV2 at Sunde ville gå for Ørlandet i Sør-Trøndelag som hovudbase for dei nye F-35-flya.

Høgre trur ikkje Sunde vil få det som han vil.

– Ikkje ut av Nord-Noreg

Forsvarspolitisk talsmann i Høgre, Ivar Kristiansen, seier sannsynet er lite for at norske styresmakter vil ta eit eventuelt råd om å gå for Ørlandet til følgje.

– Eg kan aldri sjå føre meg at Stortinget skal fatta eit vedtak om å flytta heile kampflyflåten ut av Nord-Noreg, seier Kristiansen, som er stortingsrepresentant for Nordland.

– Ørlandet ligg an til å bli kanskje ein av ein delt baseløysing, truleg saman med Bodø. Det trur eg vil vera det optimale målet, legg Høgre-politikaren til.

Partikollega og leiar av Utanriks- og forsvarskomiteen, Ine Eriksen Søreide, avviser at Høgre har teke stilling til kvar den nye basen bør liggja.

– Min partikollega kjem frå Bodø, og har sjølvsagt rett til å uttala seg som lokalpolitikar der, men Høgre som parti har ikkje teke stilling til kampfly-plasseringa, seier Søreide.

Ørland hovedflystasjon

Ørlandet hovudflystasjon i Sør-Trøndelag blei bygd av okkupasjonsmakta i 1941-1944. Den er kandidat til å bli ny kampflybase, og konkurrerer med Bodø og Evenes.

Foto: Luftforsvaret

– Operative omsyn kjem først

Ine Marie Eriksen Søreide

Ine Marie Eriksen Søreide i Utanriks- og forsvarskomiteen avviser at Høgre har ein klar favoritt i kampflybase-spørsmålet.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

I motsetning til Kristiansen, meiner ho at det fagmilitære rådet bør vega tungt på vektskåla når regjeringa skal gå inn for ei endeleg avgjerd.

– Me er opptekne av at det er dei operative omsyna i Forsvaret og økonomien som må vera avgjerande når ein til slutt tek denne avgjerda, avsluttar Søreide.

Nestleiaren i Arbeidarpartiet, Svein Roald Hansen seier dei vil ta rådet frå forsvarssjefen opp til vurdering, uansett kva løysing han tilrår.

– Me skal no gjennom ein prosess. Det skal først og framst ut på høyring slik at alle som kjenner seg involverte kan gje uttrykk for sine meiningar om saka.

Bestemmer seg til våren

Tre kandidatar har vore aktuelle i kampflybase-knivinga: Bodø, Evenes og Ørlandet. Til sjuande og sist er det Regjeringa og Stortinget som skal ta avgjerda om kvar dei splitter nye jagarflya skal stasjonerast.

Regjeringa skal leggja fram sitt forslag til langtidsplan for Forsvaret våren 2012. Planen må deretter bli vedteken på Stortinget.

Leveransen av dei nye F-35 flya skulle etter planen starta i 2016, men som følgje av nye forseinkingar i utviklinga og produksjonen i USA, vil hovudleveransen truleg starta først i 2018.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger