Hopp til innhold

Nordmenn i 2100 vil nærme seg 100 år i forventa levealder

Høgare levestandard og betre helsetilbod gjer at dei fleste nordmenn vil bli over 90 år i løpet av få generasjonar. Men bak lurar fedmeepidemien – og ein potensiell smell i helseutgiftene.

Eldre par

Ifølgje SSB kan halvparten av norske kvinner bli 96 år gamle om få generasjonar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Levealderen har auka jamt i om lag 200 år. Og det er ingen sterke grunnar til at den skal slutte å auke, fortel seniorforskar Helge Brunborg i SSB til NRK.no

Hovudanslaget til statistikkbyrået er at levealderen for menn vil stige frå 79 år i 2011, til 90 år i 2100. For kvinner vil tilsvarande tal vere 93 år i 2100, mot 83 år i fjor.

Helge Brunborg

Helge Brunborg i SSB fortel at betre behandling av kreft og hjartesjukdommar er ein stor årsak til den auka levealderen.

Foto: Studio Vest/SSB

Men SSB kjem også med eit høgalternativ, der dei spår at menn kan leve til dei er 93 år og kvinner til dei er heile 96 år.

– Dette er ganske enkelt eit resultat av betring av levestandarden. På det personlege nivå gir dette seg i utslag av betre bustad, klede og ernæring. På det offentlege nivå kan ein nemne ting som innlagt vatn og kloakk.

Men hovudårsaka til at me blir eldre er det helsemessige. Spesielt ein faktor er særs viktig, nemleg at me røykjer mindre.

– Det at me ikkje røykjer like mykje har betydd mest til at me lever mindre. Det har vore ein av hovudårsakene til at kvinner lever lenger enn menn. No ser me at levealderen mellom kjønna jamnar seg ut grunna røykeslutt, seier Brunborg.

Fedme dreg ned snittet

Røyking

Kvart tredje kreftdødsfall i Noreg skuldast røyking. Færre røykjarar er den viktigaste enkeltårsaka til at levealderen aukar.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Men det er ein ting som talar i mot dei optimistiske tala til. Me blir feitare og får fleire livsstilssjukdommar. Direktør i Nasjonalt folkehelseinstitutt, Geir Stene Larsen, trur difor SSB har teke for godt i.

– Det er ein ting som kan forandre dette, og det er fedmeepidemien. Det har bremsa levealderen i USA. Dersom me ikkje får kontroll på den her i landet, kan den påverke levealderen.

Larsen vedgår at det like gjerne kan slå andre vegen. Gang på gang har forskarar sagt at levealderen ikkje kan bli høgare, men kurva er like bratt kvart einaste år.

– Me har jo ingen fasit på kor dette skal stoppe. Før hadde ein teoriar om at ein har ei biologisk klokke, der ein brukte opp talet på gongane ei celle kunne dele seg. Det viser seg at dette ikkje stemmer.

– Men der er jo nærliggjande å tru at dette må flate ut på eit eller anna tidspunkt, seier Larsen.

– Eldre få lov til å jobbe

Dersom pensjonsalderen ikkje vert heva fram mot 2100, betyr det at ei gjennomsnittleg kvinne vil leve i 30 år etter at ho har pensjonert seg. Sjefsøkonom i Handelsbanken, Knut Anton Mork, trur dette kan bli ei utfordring for velferdsstaten.

Knut Anton Mork

Knut Anton Mork i Handelsbanken meiner me i framtida ikkje har noko anna val enn å la eldre jobbe.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Den store utfordringa er dei store pensjonsutgiftene, dersom me ikkje gjer noko med pensjonsalderen. I tillegg kjem det ei dramatisk auke av alle dei som får behov for helse og omsorg.

– Men den store moglegheita er at dersom alle nordmenn skal leve til dei blir over 90 år, ja då må dei få lov til å jobbe til dei blir 80.

– Trur du politikarane har framsyn nok til å heve pensjonsalderen for å unngå ein smell?

– Politiske endringar er alltid vanskeleg, og handlingsvegring er ofte ein enkel løysing som ofte ikkje er den beste. Men eg trur det er mykje som er gjennomførbart i eit hundreårsperspektiv.

Mork fortel at kva som helst arbeidsgivar kan seie opp sine tilsette når dei fyller 70 år. Han trur det snart vil kome ei bølgje av krav frå dei eldre om å få lov til å jobbe.

– Det er ikkje slik at alle menneske ønskjer å slutte og jobbe. I dag er det ofte ikkje lov å jobbe når ein ikkje har noko jobbtryggleik. Det er noko av det eg trur må forandre seg først.

Mork seier me bør sjå til USA, og korleis dei behandlar eldre i arbeidsmarknaden. På 1980-talet kom det ein avgjersle i høgsterett som slo fast at det var aldersdiskriminering å nekte eldre å jobbe.

AKTUELT NÅ