Lesbisk prest: – Å kjenne på det hatet har gjort noko med meg

Første gongen Sara Moss gjekk på preikestolen trudde ho at ho kom til å bli skoten.

Ordniasjon Hamar

– Den dagen då eg stod her, og skulle bli ordinert, og gjekk på preikestolen for første gong, så var eg så sikker på at nokon kom til å skyte meg, seier kapellan Sara Moss (midten) om dagen for snart eit år sidan i Hamar Domkirke.

Foto: privat

Eit år seinare er Sara Moss ei av 17 prestar frå ni bispedømme som har skrive brev til kyrkja om korleis dei opplever sitt arbeidsmiljø.

– Eg var så redd for å bli prest at eg hadde ikkje ein gong laga ein skikkeleg "punch-line" på preika min, for eg tenkte at eg kom til å døy før eg blei ferdig. Det er så utruleg mykje hat der ute. Og det har gjort noko med meg, at det hatet finst, og at eg merka korleis det er.

Sara jobba to år i ein kyrkjelyd i Oslo mens ho studerte. Der hadde ho fleire rundar som ho omtalar som "frykteleg lite hyggelege", fordi ho er lesbisk og gift med ei anna kvinne. Sara blei sjukemeldt.

Då ho var ferdig utdanna prest, viste ho ikkje ein gong om ho orka å ha Den norske kyrkje som arbeidsgjevar.

Sara Moss, kapellan i Hamar

– Kva med dei som er yngre enn meg, skal dei måtte oppleve det same? spør Sara Moss (27).

Foto: Kristian Rostad

Strid om homovigsel

For Sara var Hamar ein av dei få stadane i landet der ho ville jobbe, fordi dei er kjende for å vere opne for mangfald. Men sjølv om Hamar er ei stille øy, bles det på kapellanen når det stormar om ekteskap for homofile i kyrkja.

Det er skrekkeleg tungt. I dei hardaste rundane, når debatten går som verst i media, er det nesten så eg ikkje orkar å gå på jobb. Eg er demotivert, eg søv ikkje, har ikkje matlyst, er lei meg og sint. Eg er redd for kollegaer og redd for sjefen. Heilt utan grunn, her i alle fall, men eg går rundt og er redd, og det er ikkje noko ålreit, ikkje på jobb, seier Sara Moss.

– Men det eg synast er det vondaste, det er å sjå korleis kollegaer, altså andre prester, uttalar seg i for eksempel sosiale medium og i debattar. Nokre av dei manglar all sjølvsensur, og kjem med så trakasserande og ekle kommentarar, også om namngitte lesbiske og homofile kollegaer. Dei meiner at vi øydelegg den norske kyrkje, sprengjer ho innanfrå, har komne frå Satan. Det er inga grense for kva dei kan få seg til å seie, om oss.

Krev handling

Debattane om homofile skal få gifte seg i kyrkja opnar for nye diskusjonar om kyrkja og homofile.

Oslo Pride 2015

Det er rundt 40 opne homofile, lesbiske og bifile prestar i Noreg.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– No har desse debattane fått gå lenge nok. No er det på tide at nokon, som har makt til det, sett ned foten og seier at vårt høve til å leve, puste og elske faktisk er viktigare enn dei andre sitt høve til å ytre seg trakasserande.

Sara Moss seier at dei er rundt 40 opne LHBT-prestar, men at det er mange fleire lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i kyrkja. Det er ei av grunnane til at dei 17 prestane no har skrive brevet til kyrkja.

– Dei er kantorar, kyrkjetenarar, sekretærar, i kyrkjelydsråd, som jobbar med barn og unge. Dei er over heile landet, og situasjonen er like ille for dei, men dei har ikkje det høvet vi har til å ytre oss, seier Moss.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger