Lerø om kongegåver: – Vi er blitt smålege og moralistiske

– Kongefamilien må beskytte seg sjølve, og difor vert dei tvinga til å offentleggjere gåvelistene, meiner Magne Lerø. – Kongehuset er ryddige når dei no offentleggjer gåver dei har fått, seier Harald Stanghelle.

Kongefamilien

STØTTAR KONGEN: - Det er småleg at kongefamilien vert tvinga til å offentleggjere gåvelister, seier redaktør Magne Lerø i vekeavisa Ledelse.

Foto: NRK

– At slottet vel å gjere dette, er deira val. Dei har gjort noko som dei meiner er naudsynt for å unngå meir diskusjon kring dette. Dei føler seg tvinga til å endre praksis, seier Magne Lerø i vekeavisa Ledelse.

Kongehuset har onsdag kveld lagt ut på sine heimesider ei oversikt over gåver dei har teke imot sidan 1. juni i fjor.

Vore mykje kritikk mot kongefamilien

Valentinoveske

KRITIKK: Denne Valentino-veska til kronprinsesse Mette-Marit har fått mykje merksemd. Den har initialane MM på.

Foto: NRK

Kritikken mot kongehuset har mellom anna gått på at dei har teke imot gåver frå motehus, fått ferieturar, og at dei har valt å ikkje imøtegå kritikken. Dette har også slottet valgt å kommentere.

I fjor sommar ferierte kronprinsfamilien med det dei kallar vener på ein stor bå i millionklassa. Då media stilte spørsmål kring denne ferien, og om kven som betalte for turen, ville dei ikkje seie noko om det.

– Vi var på besøk. Det var ikkje meir dramatisk enn det, sa kronprinsesse Mette-Marit den gongen.

Kong Harald seier i programmet «Arven» som går på NRK1 torsdag, at gåver har vore noko dei har jobba hardt med.

– Det er viktig for kongehuset at vi prøver ikkje å ha bindingar. Dette med gåvesituasjonen arbeider vi hardt med. Det er ganske komplisert, faktisk, seier kong Harald.

Lista som no ligg på slottet sine heimesider viser gåver som dadlar, smykke, vinar, bøker, teppe og glass-skåler.

Magne Lerø blir intervjuet

SMÅLEGE: Magne Lerø meiner det er tull at kongefamilien må legge ut gåvelista si.- Vi er blitt smålege i Noreg, seier han.

Foto: Andrea Bae Nesset / NRK

Lerø meiner det er blitt eit langt større problem enn det er grobotn for i debatten om kongehuset.

– Dei er ikkje politiske aktørar og kan ta imot gåver. At politikarar ikkje skal ta imot gåver er opplagt. Nettopp fordi dei er politiske aktørar, seier han.

Lerø seier media og spesielt redaktørforeininga toppa debatten.

– Då foreininga meinte at kongehuset skulle leggast under offentlegheitslova vart det for mykje. Det skal ikkje vere innsyn i alt eit kongehus gjer, det skal det vere der det er politisk makt.

kronprins haakon på ski, seilbåt til kongen, Kornprinsessen i kjoler, intervju med hoffsjef, intervju med kongen

OPNAR GÅVELISTA: No kan alle sjå kva gåver slottet har fått sidan 1. juni i fjor.

– Gjev dei kanskje litt fred

Lerø seier han forstår kvifor kongehuset vel å offentleggjere gåvelista no.

Kong Olav på Holmenkollbanen i 1973

FOLKELEG: Kong Olav på trikken under oljekrisa i 1973 på veg til skitur i marka. Han vart rosa for å vere ein folkeleg konge av Noreg.

Foto: Jan Greve / NTB Tema

– Det er den einaste måten dei kan få fred på. Dei har jo klede og ting nok, og for dei personleg spelar det heilt sikkert null rolle. Dette er heilt unødvendig, og viser at vi ikkje har tillit til dei kongelege i Noreg.

– Det har vore av dei punkta som har skurra om den offentlege debatten om kongeriket. Difor er det samfunnsmusikalitet når det no er laga klare reglar på dette i ei tid då vi er meir opptekne av både formelle og uformelle bindingar enn det vi var tidlegare, seier Harald Stanghelle, redaktør i Aftenposten.

– Kor lett er det å skilje mellom ei venegåve og venetenester?

– Det vil alltid vere gråsoner i dette. Men dei greier det i politikken med register av gåver, og då vil eit oppegåande slott klare å handtere dette og, seier Stanghelle.

– Kvifor kjem dette no trur du? Er det den yngre garde i kongefamilien som er årsaka?

Kongefamilien saman med statuen av Kong Haakon VII i Vardø

STOGGAR KRITIKKEN: Kongefamilien samla på meir uformell fotografering. No kan alle sjå kva gåver dei får på kongehuset si nettside.

Foto: Silja Arvola / NRK

– Det er freistande å tru. Det er eit svar på den offentlege debatten vi har sett. Kronprinsparet har leika seg med politiske roller og fått kritikk for det, dei har snudd ryggen til den offentlege skulen, og gåver dei har fått har fått kritikk, som for eksempel ein mykje omtala cruisetur i fjor sommar, seier han.

– Betyr dette at dei ikkje kan vere på ei dyr hytte, eller reise på ein ferie?, spør Lerø, som ikkje er samd med Stanghelle.

– Den diskusjonen om ferieturen kronprinsfamilien var på i fjor sommar på

Kong Haakon og kronprins Olav under Kongebjørka i Molde 1940

STOPPA SJOKOLADE: Kong Haakon var oppteken av å vere nær folket, og fekk fjerna konfekt med namn etter kongelege. Og no er det berre konfekten 'Kong Haakon' som er att.

Foto: Per Bratland / Scanpix

denne båten, var det mest meiningslause av alt. Dei er ein familie som har rett til eit privatliv dei og, seier Lerø.

«Vi er blitt smålege og moralistiske. Og pinleg nøyaktige. Og det vil ikkje gje seg med dette. Det er heilt sikkert nye ting som vert stilt spørsmål om kring kongehuset framover som dei må svare for »

Magne Lerø

– Dei stoggar kritikken

– Kor stort problem har dette vore for kongefamilien?

– Ein skal vere varsam med å utnemne dette til dei store problema i kongehuset, seier Harald Stanghelle.

Redaktør i Aftenposten Harald Stanghelle l

NAUDSYNT: Harald Stanghelle meiner det var naudsynt at kongehuset viser fram gåvelista si.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

No skal alle gåver over 1000 kroner sendast i retur. Og alt skal sirleg skrivast opp og registrerast.

– Er det småleg?

– Nei, det er ikkje det dette handlar om. Eg trur ikkje det norske folket er smålege. Ikkje norsk media heller eingong. Og kongehuset er i alle fall ikkje smålege. Det såg vi no når dei feira 25-årsjubileum, fortel Stanghelle.

Det meiner Lerø er heilt feil.

– Vi er blitt smålege og moralistiske. Og pinleg nøyaktige. Og det vil ikkje gje seg med dette. Det er heilt sikkert nye ting som vert stilt spørsmål om kring kongehuset framover som dei må svare for.

– Er det ikkje rett at dei som tek imot skattekroner fortel kva pengane går til?

– Nei, dei er kongefamilien vår. Dei skal vere annleis, og dei er ikkje under nokon lov som forpliktar dei til det, seier Lerø.

– Dei må vere i takt med folket

Trond Blindheim, rektor på Marknadshøgskulen BI, trur offentleggjeringa av gåvelista er

Trond Blindheim

STOGGA KRITIKK: – At dei no opnar gåvelista, får kritikarane til å stilne, seier Trond Blindheim, rektor på Marknadshøgskulen BI.

Foto: www.mh.no

eit direkte resultat av kritikken av kronprinsparet i fjor sommar.

– Dei var med på denne ferien i den yatchen i fjor sommar, og det førte til spekulasjonar, seier Blindheim.

Han seier kongehuset i Noreg har vore svært folkeleg, og han meiner dei ofte har snudd seg rundt om opponionen har vore kritiske eller stilt spørsmål.

– Det er nesten slik at dei vert som ein slags Hjallis eller noko, dei er ein del av folket, og når dei gjer ting som bryt med dette, vert det stilt spørsmål.

– Kvifor er det viktig at gåvelista vert offentleg?

– Dei må vere i takt med folket. No opna dei opp på gåvelistene, og dermed vert det ikkje meir spekulasjonar kring dette. Dei stoggar kritikk dei ikkje vil ha. Og dei spelar med opne kort. Då vert det vanskeleg å angripe dei og, seier Blindheim.

– Slottet har ingenting å tape på dette, men det seier noko om kvar vi er på veg i Noreg. Vi er ikkje i stand til å vise tillit lenger, seier Lerø.

Kronprinsesse Mette-Marit nektar å svare på spørsmål om ferie:

Vil ikke kommentere luksusferie

Her møter kronprinsesse Mette-Marit spørsmål om skulevalet:

Kronprinsesse Mette-Marit ville ikke kommentere kritikken rundt kronprinsparets privatskolevalg da hun i dag åpnet et utendørsbibliotek i Dronningparken.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger