– Eg var ikkje heilt begeistra då eg såg rekninga, sa statsminister Erna Solberg då ho markerte byggestart for Universitetet i Oslo sitt nye Livsvitskapssenter i februar i fjor.
Utsegna vart møtt med latter, for alle visste at regjeringa hadde bladd opp 5,7 milliardar kroner for å dekke rekninga for det nye bygget. I tillegg skal 1,1 milliardar kroner gå til inventar og vitskapleg utstyr.
No er det få som ler, for rekninga har vakse mykje på halvanna år. Det var meir leire i bakken enn kva ein hadde venta, og då koronapandemien stengte ned landet førte det naturleg nok til forseinkingar i arbeidet.
Resultatet er ei ekstrarekning på rundt ein milliard kroner. Det kan føre til såpass mange kutt at Universitetet i Oslo fryktar at heile poenget med senteret kan forsvinne.
Erna Solberg var med på opninga av Livsvitskapssenteret som har fått tildelt 5,7 milliardar kroner. Likevel manglar det no over ein milliard kroner.
Foto: Terje Bendiksby / NTBRektoren er ikkje nøgd med kuttforslaga
Regjeringa melde i august at det skulle gjerast ei ny vurdering av Livsvitskapsbygget for å halde kostnadane nede. Den vurderinga har Universitetet i Oslo og byggherre Statsbygg no gjort, og rapporten vart levert til Kunnskapsdepartementet i går. Men detaljane har ikkje NRK fått lov til å sjå.
Rektor ved UiO, Svein Stølen, seier til NRK at han uansett ikkje er nøgd med kuttforslaga, og han etterlyser meir pengar frå regjeringa.
– Statsministeren har sagt veldig tydeleg at satsinga skal føre til løysingar på framtidas utfordringar. Det skal me få til ved at ulike fag smeltar saman i dette bygget, og at me får til innovasjon som fører til nye bedrifter, arbeidsplassar og auka konkurransekraft for Noreg, seier Stølen.
Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, meiner den einaste løysinga er å skaffe meir pengar om Noreg ønskjer det Livsvitskapssenteret som er planlagd.
Foto: Trine Svanholm Misje / NRKHan seier at bygget skal ha avansert infrastruktur, laboratorium og møteplassar for å få til det han kallar ei samansmelting. Men om dei føreslåtte kutta skal gjennomførast vil ein tredjedel av bygget gå tapt, og dermed vil også det tverrfaglege samarbeidet gå tapt, påstår rektoren.
– Dette handlar om forsking, utdanning og innovasjon i verdsklasse. Og i mange vestlege land utviklar dei bygg av denne typen, seier Stølen.
Opnar for samarbeid med Oslo Universitetssykehus
I Livsvitskapsbygget skal det vere utstrekt tverrfagleg samarbeid, og ambisjonen er at forskinga her skal bidra til å løyse store samfunnsutfordringar innan helse og miljø.
– Me har jobba med dette i 15 år for å sørge for konseptet som ligg til grunn for bygget. Det er det me no fryktar skal gå tapt, seier Stølen.
Rektoren meiner det finst to løysingar. Anten at det vert løyvde meir pengar for å kunne halde fram med dei noverande planane, eller at det vert inngått eit samarbeid med Oslo Universitetssykehus. Då kan også Helse Sør Øst vere med på spleiselaget. Arbeidet med å sondere eit slikt samarbeid har begynt.
Ministeren lover ingen pengar
Statsbygg er ansvarlege for bygginga. Dei vil ikkje stille til intervju, men seier at dei har levert på oppgåve dei fekk frå Kunnskapsdepartementet.
Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, fekk i går rapporten med innsparingsforslag frå Statsbygg og UiO, men har ikkje fått lest den. Han meiner det er for tidleg å slå fast at heile poenget med Livsvitskapssenteret blir borte om byggeplanane må justerast ned.
– Det er altfor tidleg å seie. No må me først sjå på kva alternativ me har. Så må me sørge for å halde kostnadsrammene me har og samtidig få eit bygg som kan vere til nytte for universitetet og samfunnet i det heile, seier Asheim, og understrekar at regjeringa sin plan er å halde seg til det budsjettet som allereie eksisterer.