Hopp til innhold

Historisk stor prisvekst i leigemarknaden

Både leigetakarar og utleigarar vil få det dyrare framover, meiner Eiendom Norge.

Kollasj av kjente bygningar i Bergen, Stavanger, Trondheim og Oslo.

Leigeprisveksten held samla sett fram i dei største byane. Barcode i Oslo, Bryggene i Trondheim, Bryggen i Bergen og Fargegaten i Stavanger er avbilda.

Foto: NRK

Samla auka leigeprisane i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Sandnes med 7,7 prosent i fjor.

Det viser Eiendom Norges dagsferske storbyindeks, som er basert på data frå FINN og profesjonelle utleigeaktørar.

Student ved Universitetet i Oslo, Sofie Karlgård er blant dei som har merka at leigeprisane har auka i det siste.

– Eg leiger i lag med ei venninne. Det er ganske dyrt. Den totale leiga er på 16.800 delt på to, og så kjem det straum, internett og slikt i tillegg, seier ho.

Karlgård jobbar ved sida av studia for å få ting til å gå rundt.

– Ein må ha ein jobb ved sidan av då. Så eg har det, men ein må også prøve balansere mengda deltidsjobb opp mot tida ein bruke på skulen og på lesing.

Sofie Karlgård, student ved Universitetet i Oslo.

Jusstudent Sofie Karlgård jobbar ved sida av studia for å få kvardagen til å gå rundt.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Størst auke finn vi i oljebyane i sørvest og i hovudstaden, kor prisane har stege med nesten ein tiandedel det siste året.

I Bergen var den prosentvise auken under halvparten så stor. I Trondheim sokk leigeprisane i fjor.

I 2022 hadde både Bergen og Trondheim betydeleg større prosentvis vekst enn Oslo og Stavanger og Sandnes.

cLG0VPqcQvw

Leigeprisane fall i Trondheim i fjor.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Meiner prisane vil halde fram å auke

I fjor var veksten endå litt større enn rekordveksten på 7,5 prosent i 2022.

Slår ein saman dei to siste åra, har leigeprisane i storbyane auka nesten like mykje som dei ti føregåande åra, fortel administrerande direktør i Eiendom Norge Henning Lauridsen.

– Vi legg bak oss to år med historisk stor vekst i leigeprisane, seier han.

Og sjølv om statsministeren og sentralbanksjefen trur rentetoppen er nådd, så vil leigeprisane halde fram å stige, meiner Eiendom Norge.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge

Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge meiner det kjem til å bli dyrare.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Det er all grunn til å tru at vi kjem til å sjå ein framleis prisvekst framover fordi utleigeprisane er høge og så veit vi også at vi har liten tilførsel av nye utleigarar i augeblikket fordi det ikkje er lønsamt å leige ut fleire stadar, seier Lauridsen.

Men det er ikkje berre leigetakar det har blitt dyrare for, understrekar han.

–Utleigarane har fått mykje høgare kostnader, høgare rente, høgare skatt og er utsett for inflasjon. Då har dei eigentleg to val: enten å få opp husleiga eller å slutte med utleige.

Sjefen i Eiendom Norge forklarar fjorårets leigeprisfall i Trondheim med at det var eksepsjonelt sterk prisvekst der i fjor og at det var cirka 45 prosent fleire bustader til leige i Trondheim på slutten av 2023, enn på slutten av 2019.

– Dei to siste åra under eitt er prisveksten framleis sterk (snaue 11 prosent). I tillegg er tilbodet av utleigebustadar stort, seier han.

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken markets

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken markets.

Foto: Johan B. Sættem

Årsakene bak leigeprisveksten

Seniorøkonom i Handelsbanken, Sara Midtgaard peiker på befolkningsvekst, mangel på bustader i byane, høgare rente og lønsvekst som årsaker til at leigeprisane steig i fjor. Samtidig leiger færre ut.

– Ein har eigentleg ein situasjon kor etterspørselen er høg, mens tilbodet blir meir avgrensa, seier ho.

Ein viktig årsak til folketalsveksten er høg innvandring, blant anna av ukrainske flyktningar, fortel Midtgaard.

–Desse vil i første omgang leige og ikkje eige, så det setter meir press på leigemarknaden, seier ho.

Samtidig er det ganske få utleigebustadar, spesielt i dei store byane, fortel økonomen.

Ifølgje Midtgaard tapar fleire utleigarar no pengar på å ha utleigebustadar, i og med at leigeinntektene ikkje er høge nok for å dekke opp for dei springande utgiftene, som rentekostnader og andre kostnader ved å ha ein utleigebustad.

– Fleire sel unna desse bustadene, og det avgrensar tilbodet endå meir, seier ho.

AKTUELT NÅ