Hopp til innhold

Joanna vil leige framfor å eige

Ho har ikkje nokon bustaddraum og trivst som leigebuar. Dei færraste har ein leigebuaridentitet som Joanna, men det er i ferd med å endre seg, meiner Leieboerforeningen.

Wojtalik er lei av å svare for kvifor ho vil vere leigebuar.

Wojtalik er lei av å svare for kvifor ho vil vere leigebuar.

Foto: Hedda Kurseth / NRK

– Det har blitt normalisert å snakke om bustadkjøp på same måte som om ein kjøper ei veske, flirer ho Johanna Wojtalik oppgitt.

Flyttekassene er ikkje tømde enno i den nye leilegheita hennar litt utanfor Oslo sentrum. Her har ho sikra seg solvend balkong og god utsikt til marka.

Ho har sett på moglegheita til å kjøpe, men landar stadig på at ho vil vere leigebuar.

Leieboerforeningen har hatt ein markant auke i talet på førespurnader om prisauke og har fått fleire nye medlemmar.

Dei er ein liten organisasjon, men i 2022 fekk dei 2017 nye medlemmar. Sidan 1. januar i år har dei fått 770 nye medlemmar.

– Auka vi har hatt det siste året har vore spesiell, og vi har hatt lang ventetid på å gi folk rådgjeving, seier Anne-Rita Andal, organisasjonssekretær i Leieboerforeningen.

I 2022 var det rett under 980.000 som leigde eigen bustad i Noreg. Mindre enn 1 prosent av dei er organiserte.

– Det handlar kanskje om at draumen om å eige bustad står så sterkt at det ikkje finst nokon leigebuaridentitet. Det trur vi er i ferd med å endre seg no. Fleire av våre medlemmar har fått nok av dårlege vilkår og krev betre leigeforhold, seier Anne-Rita Andal, organisasjonssekretær i Leieboerforeningen.

Anne-Rita Andal, avdelingsleder for bomiljø i Leieboerforeningen

Dei skal vere greitt å vere leigebuar, seier Anne-Rita Andal, organisasjonssekretær i Leieboerforeningen.

Foto: Kirsten Randers-Pehrson / Leieboerforeningen

Kampanjen «Min Drittleilighet» på Instagram var også med å engasjere mange leigebuarar, meiner Andal.

Leieboerforeningen foreslår fleire endringar i leigemarknaden.

– Vi ynskjer ein ikkje-kommersiell eller ideell leigesektor. Det vil føre til rimelegare leige, bebuardemokrati og betre bumiljø om vi ser på døme i utlandet.

Kjenner på eit kjøpspress

Joanna Wojtalik er IT-konsulent, og sjølv med relativt høg lønn, vil ho ikkje inn på bustadmarknaden enno.

Ho vil heller sjå ei endring i leigemarknaden.

– Det passar ikkje å kjøpe eigen bustad, slik livssituasjonen min slik den er i dag. Å ta opp eit bustadlån er eit stort økonomisk ansvar som er emosjonelt stressande, seier ho.

Ho er dessutan ikkje særleg glad i oppussing.

– Det eg hadde hatt råd til i Oslo hadde kravd mykje arbeid, noko eg ikkje har tid eller kapasitet til.

Når ho fortel at ho trivst med å leige bustaden sin, får ho overraskande respons.

– Det er litt som å fortelje at eg ikkje vil ha barn. Folk seier at å eige er det beste valet ein kan ta, utan at dei veit noko om situasjonen min. Eg vil ikkje skamme meg over det.

Joanna Wojtalik pakkar ut siste rest av flyttelasset sitt. Den nye leilegheita leiger ho.

Joanna Wojtalik pakkar ut siste rest av flyttelasset sitt. Den nye leilegheita leiger ho.

Foto: Hedda Kurseth / NRK

Dei same haldningane seier Leieboerforeningen at medlemmane deira fortel om.

– Det er mange som fortel oss at dei kjenner på at dei ikkje har den same statusen som dei som eig bustaden sin, seier Anne-Rita Andal.

Wojtalik liker tanken på at ho enkelt kan flytte på seg om ho ikkje liker naboane, eller om ho treng ei endring i kvardagen.

– Denne leilegheita hadde eg aldri fått råd til om eg skulle kjøpt.

Sjølv om ho trivst som leigebuar, meiner ho leigemarknaden ikkje er optimal.

– Det skulle vore fleire reguleringar på kva som kan leigast ut, og vore eit pristak deretter. Kanskje også inspeksjonar av utleigebustadar for å sørge for ein rimeleg standard. Eg skulle også gjerne sett at forholdet mellom utleigar og leigebuar var meir balansert.

Men ho ser ikkje vekk ifrå at ho ein dag skal inn på bustadmarknaden.

– Vil strekke seg langt for å eige

Slik er det for dei fleste i Noreg, fortel Are Oust, professor i finansiell økonomi ved NTNU.

I Noreg eig dei fleste hushaldningar bustaden sin.

– Litt fleire leiger bustad under svake økonomiske tider, men det er stort sett stabilt. Det er framleis sosialt og økonomisk gunstig å eige eigen bustad, og derfor trur vi at dei som klarer å få det til, vil strekke seg langt for å kome seg inn på bustadmarknaden.

Are Oust er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU.

Talet på leigebuarar held seg stabilt fordi det økonomisk og sosialt gunstig å eige bustaden sin, seier Are Oust, professor i finansiell økonomi ved NTNU

Foto: NTNU

– Det er skattemessig favorisert å eige ein bustad. Så dersom Noreg ikkje gjer endringar i leigemarknaden, så trur eg ikkje eigelinja står for fall.

Oust ser også positive sider ved å leige bustaden sin.

– Det er ein fleksibilitet ved det, og ein kan enklare flytte utan store kostnadar. Å eige ein bustad kortsiktig kan vere risikabelt, og det er ikkje slik at ein alltid tener på det.

Han meiner at med høge prisar og renteauke, er utgiftsposten «bustad» den største for dei fleste hushaldningar, uavhengig av om dei eig eller leiger bustaden sin.

Mange av førespurnadane til Leieboerforeningen gjeld auke i husleige.

Men Wojtalik er nøgd med livet som leigebuar, men vil sleppe å svare på fleire spørsmål om det.

– Berre eg fortel at eg har flytta, så spør folk automatisk som eg eig eller leiger.

AKTUELT NÅ