Hopp til innhold

Leiartrioen i KrF er splitta om retningsval

KrFs to nestleiarar vil først snakke med høgresida om å danne regjering, mens KrF-leiar Knut Arild Hareide vil gå rett til venstresida.

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad om sitt råd til landsstyret.

– Landsstyret har peikt ut kva som er våre viktigaste saker – kampen mot sorteringssamfunnet, fattigdom og for familiane. Då er det naturleg å først sondere med dagens regjering for å få gjennomslag i desse sakene. Om ikkje, må vi sjå den andre vegen, seier nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.

Han får støtte frå nestleiar Olaug Bollestad. Ho vedgår at det sit djupt å skulle gå i regjering med Frp, men at det no er på tide å kome ut av opposisjonsrolla.

– Å stå i spagaten lenge, gir stive musklar, seier Bollestad.

Nestleiarane meiner det er det politiske gjennomslaget som er viktigast.

Nestleiar Olaug Bollestad om usemja i leiartrioen.

Sterke reaksjonar

Fredag råda KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt eige landsstyre om å undersøke kva politiske gjennomslag partiet kan få i samarbeid med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Han peiker på at Erna Solberg (H) har valt Framstegspartiet og at han ser det som uaktuelt å regjere med det partiet.

Utspelet har skapt store reaksjonar blant fylkestoppar i Kristeleg Folkeparti.

– Om eg ikkje trudde at eg kunne få partiet med på dette, hadde eg ikkje gitt det rådet i dag, seier Hareide til NRK fredag kveld.

Høgres nestleiar, Jan Tore Sanner, er overraska, medan Arbeidarpartiets leiar, Jonas Gahr Støre, ønskjer Hareide velkommen.

Hareide fortalde statsminister Erna Solberg (H) torsdag om rådet han ville gi sitt eige landsstyre. Fredag fortalde han det til Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. KrFs nestleiarar vil ikkje kommentere kva tid dei fekk vite kva Hareide ville seie.

Ekstraordinært landsmøte

På slutten av den etterfølgjande debatten i landsstyret fredag, vedtok landsstyret å kalle inn heile partiorganisasjonen til eit ekstraordinært landsmøte om samarbeidsspørsmålet 2. november.

Det vil altså skje før eventuelle budsjettforhandlingar på Stortinget.

Fleire fylke skal også ha ekstraordinære fylkesårsmøte i forkant av dette. KrF-leiaren seier at det var stor tilslutnad i landsstyret til å få i hamn ei avklaring om val av samarbeidspartnar denne hausten.

Dei har tre alternativ, ifølgje Hareide: Bli verande i opposisjon, gå inn i Solberg-regjeringa, eller danne regjering med Ap og Sp.

– Partiet skal eige vedtaket om samarbeid. Eg visste då eg gav rådet mitt at det ville vere ulike meiningar om dette. Eg trur at heile landsstyret ser at med vedtaksprosessen vi no har lagt opp til, er det partiet som saman tek ei avgjersle, seier Hareide.

Han er innstilt på å bli verande partileiar framover.

– Eg stiller ikkje kabinettspørsmål på eit slikt spørsmål.

Samde om politisk prosjekt

Leiartrioen påpeiker at landsstyremøtet no har landa kva som skal vere KrFs politiske prosjekt framover. Dei peiker på dette som dei viktigaste sakene framover innan familiepolitikken: barnereform, å styrke barnetrygda, foreldrepengeordninga og å gi gratis barnehage til barn frå tre år og oppover.

Dei er også opptekne av ei likeverdsreform for å skape eit samfunn med plass til alle. Mellom anna ønskjer dei å lage ein nasjonal standar for ordninga med brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Kampen mot sorteringssamfunnet og mot fattigdom i Noreg og internasjonalt står også øvst på prioriteringslista.

Sjå Knut Arild Hareide gi sitt råd til KrFs landsstyre fredag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger