Hopp til innhold

Leiaren i valkomiteen i Unge Høgre: – Fekk ikkje vite om alvorleg hending

Mari Holm Lønseth, som innstilte Kristian Tonning Riise til attval i 2016, seier ingen fortalde ho at han hadde hatt sex med ein berusa 16-åring.

sommerleir unge høyre 2016

To månader etter at Kristian Tonning Riise vart attvald som leiar talte han på sommarleiren i Unge Høgre.

Foto: Unge Høyre

Vararepresentanten på Stortinget har tenkt mykje på det ho burde gjort annleis den gongen. Spørsmål ho burde stilt, folk ho burde kontakta.

Men for Mari Holm Lønseth er det ikkje berre tid for sjelegransking.

– Eg registrerer at tidlegare generalsekretær Erlend Svardal Bøe har uttalt at han var kjent med hendinga Aftenposten har skildra (der Tonning Riise hadde sex med berusa 16-åring, red anm). Hadde eg fått den informasjonen då, hadde eg stilt fleire spørsmål, og vi hadde ikkje innstilt på Kristian Tonning Riise igjen, seier Mari Holm Lønseth.

Svardal Bøe var på det aktuelle tidspunktet også sekretær i valkomiteen.

LES OGSÅ: Her er elleve ganger Unge Høyre og Høyre ble gjort oppmerksom på Kristian Tonning Riises oppførsel

Kalla Tonning Riise inn på teppet

Mari Holm Lønseth (Høyre)

VILLE VITE: Mari Holm Lønseth innstilte Kristian Tonning Riise til attval i 2016.

Foto: Trondheim kommune

I månadane før landsmøtet gjekk det så mange rykte om Unge Høgre-leiaren at valkomiteen ville ha ein prat med han om det.

Rykte om alkohol, sjekking og upassande oppførsel gjorde komiteleiar Mari Holm Lønseth usikker på om Tonning Riise passa til jobben.

– Fleire av oss var kjent med rykte knytt til Kristian, om alkohol og sjekking av andre medlemmar i Unge Høgre. Valkomiteen ville konfrontere han med det.

– Kva rykte var det?

– Det var rykte om oppførsel vi meinte ein leiar ikkje kunne ha. Det var ingen konkrete hendingar, men generelt om at han drakk for mykje på fest, og at det var sjekking og seksuelle relasjonar.

– Kva svarte Tonning Riise?

– Han avviste nokre av påstandane, og lova også bot og betring. Vi trudde på han når han sa det. Når vi no ser det totale biletet, så er det klart at vi skulle stilt fleire spørsmål til fleire personar enn vi gjorde, det tek eg sjølvkritikk på.

– Kvifor gjorde de ikkje det?

– Vi fekk ei truverdig forklaring frå Kristian Tonning Riise, og trudde på det. Sett i ettertid burde vi vore meir gravande, snakka med fleire, og det er ein av lærdomane i denne saka. Hadde eg vore kjent med dei forholda Aftenposten seinare omtalte, ville valkomiteen innstilt ein annan kandidat, seier Holm Lønseth.

Politiet undersøker no denne hendinga. Kristian Tonning Riise har tidlegare i januar skrive i ei tekstmelding til NTB at «eg er positiv til at denne saka vert belyst grundig og objektivt. Eg har tidlegare stadfesta at begge hadde drukke alkohol og hadde sex, og beklaga det djupt. Utover det kjenner eg meg altså ikkje att i saka slik den vert gjeve att i media».

Høgre har motteke 10 varsel om seksuell trakassering knytt til den tidlegare Unge Høgre-leiaren.

LES OGSÅ: Leder for Unge Høyre trekker seg – sier Metoo-kampanjen har vært en vekker

LES OGSÅ: Solberg: – Kristian Tonning Riise burde ikke ha blitt gjenvalgt

Generalsekretæren: – Burde delt informasjon eg sat på

Erlend Svardal Bøe var generalsekretær i Unge Høgre frå 2015 til 2017, og var med på møta i valkomiteen då Tonning Riise stilte til attval.

Erlend Svardal Bøe

SA IKKE FRA: Tidlegare generalsekretær Erlend Svardal Bøe

Foto: Mark Ledingham

LES OGSÅ: Tidligere generalsekretær: – Det gjør vondt å vite at vi burde gjort mer

Svardal Bøe har vedgått at den seksuelle omgangen med 16-åringen var tema då han starta i jobben som generalsekretær. Til NRK skriv han i ein sms i dag:

«Eg informerte ikkje valkomiteen om hendinga. I ettertid ser eg at det burde eg heilt klart ha gjort, og det gjer meg vondt å tenke på. Eg kjente ikkje til detaljane i hendinga og kjente ikkje til korleis saka var handtert. Men uavhengig av det burde eg ha delt det eg sat på av informasjon».

Vidare skriv han:

«Valkomiteen diskuterte og hadde sjølve informasjon som omhandla Kristians åtferd. Eg burde som sekretær i valkomiteen heilt klart bidrege meir aktivt i den diskusjonen. Det beklagar eg».

Tonning Riise sin advokat, Finn Krokeide skriv i ein sms til NRK at han ikkje har noko kommentar til kritikken frå valkomiteleiaren.

AKTUELT NÅ