– Vi kom med ei tilråding 20. mai med mange framlegg til endringar. Sidan mykje av det enno ikkje har blitt gjort og smittesituasjonen er slik som den er, så er eg nok ikkje veldig overraska.
Det seier Jeanine Lilleng, som leia ekspertgruppa som i mai kom med innspel til smittesporingsappen til FHI.
Ho kommenterer FHI sitt val om å slette alle data frå appen Smittestopp og mellombels stopp av innsamlinga av data.
Avgjerda kom etter at Datatilsynet fredag sende eit varsel om mellombels forbod mot å behandle personopplysningar gjennom appen.
Datatilsynet meiner datainnsamlinga er eit for stort inngrep i personvernet, i høve til smittesituasjonen i Noreg no.
Enklare å lage ein ny app
– Trur du appen kjem til å «oppstå på ny»?
– Det er nok meir sannsynleg at det kjem ein ny app som berre gjer kontaktsporing basert på Apple eller Google sin blåtannteknologi, sidan det krev mindre arbeid, svarar Lilleng.
Ho understrekar samstundes at det framleis er mogleg å lage ein app med same funksjonalitet som i dag. Med mykje mindre inngrep i personvernet enn det Smittestopp har i dag.
Jeanine Lilleng, leiar for ekspertgruppa for kodegjennomgang av løysing for digital smittesporing.
Foto: PrivatMen det vil koste.
– Difor kan ein sjå føre seg at appen «gjenoppstår». Men om FHI er villige til å gjere dei naudsynte investeringane som må til når det er så lite smitte i samfunnet, er vanskelegare å vite.
– Om det kjem ein ny app, eller om den gamle vidareutviklast er for tidleg å seie, fortel områdedirektør for helsedata og digitalisering i FHI, Gun Peggy Strømstad Knudsen.
God dialog
Stømstrad Knudsen har opplevd god dialog med ekspertgruppa.
– Vi er samde i fleire av tilrådingane deira og vi jobbar med det. Dette er pågåande arbeid, seier Strømstad Knudsen.
På spørsmål om FHI burde følgt fleire råd tidlegare, seier ho er vanskeleg å seie og at avgjerder vart tekne på det kunnskapsgrunnlaget som fantest då.
– Vi har jobba raskt og vi gjer fortløpande endringar. I ettertid kan ein tenkje at ein burde tenkt annleis, men eg står ved vala vi har teke, seier Strømstad Knudsen.
områdedirektør for helsedata og digitalisering i FHI, Gun Peggy Strømstad Knudsen, kan ikkje seie om det kjem ein ny app eller om den gamle vidareutviklast.
Foto: PrivatBer Datatilsynet om å sette ei klarare grense
Lilleng meiner Datatilsynet burde ha vore tydelegare med FHI om korleis dei burde balansere mellom personvern- og smittevernomsyn.
– Datatilsynet seier ingenting om kor mykje smitte det må vere for at det skal vippe over på at det er rimeleg å bruke så sterke verkemiddel. Det saknar eg, seier Lilleng.
Ho lurer på korleis Datatilsynet vil sjå på saka om smittetalet i Noreg tar til å auke kraftig igjen.
– Eg forstår at det er vanskeleg, men det hadde gjort det enklare for FHI. Det er uklart om Datatilsynet meiner at denne typen datainnsamling alltid vil vere et for stort inngrep, eller om det berre er det slik som smittesituasjonen er i dag.
– FHI må vurdere sjølv
– Korleis ein skal balansere personvern og smittesituasjonen er opp til FHI å vurdere og er vurderingar FHI skal gjere på førehand før lansering. Datatilsynets rolle blir snarare eit kontrollorgan, som vi har gjort no, seier Susanne Lie, juridisk seniorrådgivar i Datatilsynet.
Susanne Lie, juridisk seniorrådgivar i Datatilsynet, seier dei ikkje kjem til å vurdere balansen mellom personvern- og smittevernomsyn.
Foto: PrivatVil datainnsamlinga framleis vere et for stort inngrep, om smittetalet aukar?
– Ein kan absolutt sjå for seg at vurderinga av appen, og inngrepet i personvernet vil sjå annleis ut dersom smittespreiinga endrar seg, seier Lie og følgjer opp:
– Uansett er funksjonaliteten er i dag eit problem, i og med at det blir samla inn personopplysningar utan at funksjonalitet på varsling og analyseløysing er fullt utviklinga.