Enorm internasjonal respons på norsk kampanje mot barneekteskap

– Responsen på Theas bryllupsblogg har vore over all forventing, og det er godt nytt for dei over 14 millionar jentene som kvart år blir utsette for tvangsekteskap, seier generalsekretær i Plan Norge, Olaf Thommessen.

Theas bryllupsblogg

Theas bryllupsblogg har vekt stor oppsikt både her i landet og internasjonalt.

Foto: Plan Norge

Theas bryllupsblogg, som vart lagt ut på Internett 10. september, fekk mange nordmenn til å reagere. Her var det ei 12 år gammal etnisk norsk jente, ei jente med interesser som er typisk for norske jenter i den alderen, som skulle giftast bort til ein mann som var gammal nok til å vere faren hennar .

Mange trudde det verkeleg var ein norsk 12-åring som skulle giftast bort, medan andre trudde det var ein dårleg spøk. Så viste det seg altså at det var starten på ein svært godt planlagt kampanje mot tvangsekteskap

– Venta sterke reaksjonar

Olaf Thommessen er generalsekretær i Plan Norge.

Olaf Thommessen seier at responsen på kampanjen har overgått alle forventningar.

Foto: Bent Tandstad / NRK

– Vi hadde faktisk rekna med endå sterkare reaksjonar og kritikk, men vi venta berre nokre få timar før vi gjekk ut og sa at det var Plan Norge som hadde lagt det ut. Før det opplevde vi til og med hacking mot nettsidene av folk som ville finne ut kven som stod bak bloggen, seier Olaf Thommessen.

600.000 nordmenn har fylgt Theas bryllupsblogg den siste månaden, men bloggen har også vekt enorm interesse også i utlandet. Til saman har nettsida Theas bryllupsblogg over ein million unike brukarar.

I bloggen må den 12 år gamle jenta ta stilling til problemstillingar som er heilt utenkjelege her i landet, men som er høgst reelle i land der barneekteskap er ein del av kvardagen.

Olaf Thommessen fortel at kampanjen var planlagt til minste detalj, og at eit reklamebyrå deltok i utforminga av kampanjen.

LES OGSÅ: Falsk bryllupsblogg var PR-stunt mot barnebryllup

Internasjonal interesse

– Det har vore ein lang prosess. Vi har ein årleg jentekampanje, og vi starta arbeidet med denne kampanjen i vinter. Starten var at vi tok ei avgjerd om å fokusere på barneekteskap, og sidan har vi jobba ideen ut over tid, seier han til NRK.no.

Generalsekretæren seier at han spesielt er overraska over den internasjonale interessa. Han fortel at han er intervjua to gonger på BBC om kampanjen, og han har snakka om bryllaupsplanane både i svenske og russiske medium.

Ashton Kutcher

Ashton Kutcher, som har 18 millionar følgjarar på Facebook, har gitt si støtte til aksjonen.

Foto: Evan Agostini / Ap

– Vi er sitert i leiande publikasjonar over absolutt heile verda, Det er nesten som om vi har fått meir merksemd internasjonalt enn heime i Noreg, seier han. Han viser til oppslag i storaviser som The Independent i Storbritannia, La Reppublica i Italia og Huffington Post i USA.

I går hadde den svenske storavisa Expressen eit toppoppslag på at jenta som spelar Thea i bloggen, faktisk er svensk. I går la den amerikanske skodespelaren Ashton Kutcher ut si støtte til aksjonen på Facebook , og han har 18 millionar følgjarar.

LES OGSÅ: Buzzfeed

LES OGSÅ: Buzzfeed

«Bryllaupet» skjer laurdag

14 millionar jenter under 18 år blir gifta bort mot sin vilje kvart år, ifølgje Plan Norge.

Laurdag 11. oktober er den internasjonale jentedagen. . Det er også dagen for «bryllaupet» mellom 12 år gamle Thea og 37 år gamle Geir. Det skjer med eit stort arrangement i Jakobs kyrkje i Oslo.

-Sjølve «bryllaupet» er sjølvsagt eit skodespel, men det vil skje mange overraskande ting inne i kyrkja, fortel Thommesen. Så mange har meldt si interesse for å vere med på evenementet i kyrkja at det ikkje er plass til fleire, fortel han.

– Utanfor kyrkja blir det ein demonstrasjon mot barneekteskap, og det vil skje ting under arrangementet for å understreke alvoret i saka, seier Thommessen.

«Wedding busters»

- Vi arbeider nasjonalt, internasjonalt og på lokalt nivå. . Vi arbeider tett mot menneske som har ei stemme i opinionen, mot lokale leiarar, høvdingar og frivillige i landsbyar der det er vanleg med barneekteskap. Der vi er til stades, ser vi faktisk ein merkbar nedgang i talet på barnebryllaup. Så arbeidet vårt nyttar, seier Olaf Thommessen.

Han fortel at dei også har organisert såkalla «wedding busters», grupper med ungdomar som går inn og reint fysisk prøver å stanse barnebryllaup. Dette er frivillige ungdomar som har teke eit standpunkt mot at jenter skal pressast inn i ekteskap.

– Min bodskap til det norske folk er at dei går inn på sosiale medium som Facebook og Twitter og støttar oppropet vårt. Bli gjerne jentefadder i Plan også og bidra til arbeidet mot barneekteskap, legg Thommessen til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger