Hopp til innhold

Lar havarert skip bli på Bjørnøya

BJØRNØYA (NRK): Det russiske skipet som havarerte ved Bjørnøya blir ikkje fjerna. Det er rett og slett for farleg å fjerne det, konkluderer Kystverket.

Det russiske lasteskipet «Petrozavodsk» gjekk på grunn ved Bjørnøya 11. mai 2009. Vraket er tømt for olje og anna farleg innhald, men ligg framleis på grunt vatn rett under eit fuglefjell sør på øya.

Dette er den største fuglekolonien på den nordlege halvkule, med rundt 1,5 millionar hekkande fugl. På grunn av vinden, er skipet blitt delt i tre delar.

Krav om fjerning

– Vraket må fjernast, seier Ole Øiseth. Han er direktør i det statlege selskapet Bjørnøen AS, som eig Bjørnøya.

– Det er svært alvorleg at båten framleis ligg her. Dette er jo eit naturreservat, og båten er ein skamplett slik den ligg no, seier han.

– Ekspertane må finne ut korleis det skal gjerast, men båten må fjernast herifrå.

Sidan skipet grunnstøytte, har det vore mange og lange diskusjonar om kva som skal gjerasast med det. Også Sysselmannen på Svalbard har kravd fjerning.

For farleg

Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket er samd i at «Petrozavodsk» bør fjernast av omsyn til miljøet. Men Kystverket har konkludert med at det er for farleg.

– Vraket ligg rett under ein bratt fjellvegg, og det rasar stein store delar av året. Etter vår vurdering er det livsfarleg å gå om bord og gjere det som er nødvendig for å få vraket bort, seier Ly.

– Farvatnet der skipet ligg er også farleg. Derfor har vi konkludert med at skipet må bli liggjande, seier han.

Pålegget til reiarlaget om å fjerne skipet, er trekt tilbake.

– Alle farlege stoff er jo fjerna. Men vi har bede reiarlaget om å hente batteri, radarar og andre ting som ligg i igjen i skipet, seier Ly.

– Men dette er jo også avhengig av at det er forsvarleg å gå om bord, noko det altså ikkje er slik skipet ligg no, seier Ly.

Video Petrozavodsk på Bjørnøya

Det russiske skipet som havarerte ved Bjørnøya blir ikkje fjerna. Det er rett og slett for farleg å fjerne det, konkluderer Kystverket.

AKTUELT NÅ