Hopp til innhold

Nakstad: – Uvisst kva langhelga har hatt å seie for smitten

Langhelg og heilagdagar kan ha ført til meir reising og at fleire har samla seg. – Det er uvisst kva dette får å seie for smittespreiinga, seier Espen Rostrup Nakstad.

17. mai i Trondheim

I Trondheim sentrum var det nesten ikkje folk ute på 17. mai. Pandemien gjer at det har vore ei annleis feiring av nasjonaldagen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Feiringa av 17. mai måndag avslutta ei langhelg med heilagdagar, feiringar og fridagar for mange. Samtidig har vi begynt på dei første stega av gjenopninga av Noreg.

Enkelte har nytta høvet til å reise, medan andre har kunne møte litt fleire.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier dei er spente på kva desse fridagane får å seie for smittetrykket.

– Vi er veldig usikre på kor mykje fridagane og heilagdagane i mai har å seie for smittespreiinga. Det er allereie mange lokale smitteutbrot i enkelte kommunar. Men kva det har å seie nasjonalt, er vi usikre på.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier dei er usikre på kva dei mange fridagane i mai får å seie for utviklinga i smittetala.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

.

– Det er vanskeleg å seie noko om tala no. Når det er så mange fridagar testar folk seg i mindre grad. Det vil ta nokre dagar med vanleg testkapasitet før vi veit korleis smittenivået er, seier han.

Roleg 17. mai

Pandemien gjorde at den tradisjonelle feiringa av 17. mai blei avlyst i fjor. Også i år har det vore kraftig nedskalering av nasjonaldagen. Politiet på Austlandet seier til NTB at det har vore ei relativt roleg feiring.

Nakstad seier han har eit inntrykk av at folk stort sett har vore flinke.

– Det ser ut til at dei fleste har følgd smittevernråda, og at det har vore lite folk ute. Så har bra ver kanskje ført til noko meir trengsel enkelte stader, men generelt ser det ikkje ut til at folk har klumpa seg meir saman i år enn dei gjorde i fjor, seier han.

Men natt til 17. og natt til 18. mai måtte politiet fleire stader i landet løyse opp store samlingar av russ og annan ungdom fordi det blei vanskeleg å følge smittevernreglane. Kva dette får å seie, er Nakstad usikker på.

– Det er ein stor fordel at for eksempel Oslo testar elevar i vidaregåande skule regelmessig. Då håper vi at dei også kan fange opp ein del av tilfella hos russen, slik at det ikkje blir eit større problem enn det trenger å bli.

Tysdag går vidaregåande skular til gult nivå. Det fører til mange fleire nærkontaktar for elevane. Testinga vil forhåpentlegvis fange opp smittetilfelle før dei kjem på skulen.

– Den praktiske konsekvensen av testinga er todelt. Det positive er at det gjer at vi kan drive skule på vanleg måte. Men kjem det eit smitteutbrot hamnar fort ein heil skule i karantene, seier Nakstad.

Avgjerande for gjenopning

I førre veke sa helse- og omsorgsminister Bent Høie at han hadde eit godt håp om å kunne følge regjeringas plan for gjenopning, og at vi er klare til å ta det neste steget i løpet av siste delen av mai.

I trinn to opnar ein blant anna for meir reising innanlands, at fleire kan kome på besøk og vi kan vere fleire samla.

På nasjonaldagen var det 101 koronapasientar i Noreg. Det er det lågaste sidan februar. Nakstad har difor eit godt håp om at gjenopninga kan halde fram.

– Dei neste dagane vil vise om 17. mai-feiringa har ført til meir smittespreiing eller ikkje. Dersom det blir som i fjor, ser ikkje situasjonen meir dramatisk ut no enn den var i førre veke.

AKTUELT NÅ