Hopp til innhold

Lange køar for rehabilitering: – Eg har store smerter

Line Thorsen blei skadd i 2002, men står framleis i kø for rehabilitering. Store pasientgrupper som treng rehabilitering må vente på grunn av koronapandemien.

Line Thorsen, Bø i Vesterålen. Venter på rehabilitering juni 2020

Line Thorsen skulle gjerne tatt fiskestanga i bruk, men lang ventetid på rehabilitering set ein stoppar for det.

Foto: Privat

– Eg har mykje smerter, ja. Då er det berre å setje seg ned og bite i noko hardt!

Line Thorsen i Bø i Vesterålen er ein av fleire titals tusen pasientar som treng rehabilierting, men som no sit utan tilbod når helsevesenet har prioritert både tid, rom og personell til kampen mot korona.

– No kjenner eg at tolmodet mitt byrjar å bli veldig lite.

Line Thorsen

Tunge løft er ei utfordring for Line Thorsen som slit med smerter i venstre skulder etter ei arbeidsulukke i 2002.

Foto: Privat

Line blei skadd i venstre skulder i ei arbeidsulukke så langt tilbake som i 2002. Først i 2008 blei skaden lokalisert, og ho blei operert. Men fleire operasjonar seinare, den siste i fjor, slit ho framleis med smerter. Dei pregar kvardagen og gjer at ho ikkje er i stand til å klare dei daglege gjeremåla.

Erkjenner etterslep

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad kan berre levera ei mager trøyst til Line Thorsen.

– Dette er veldig beklageleg, og for dei som har venta så er det klart at det å venta endå lenger, det er ikkje optimalt på nokon måte, sier Nakstad.

Han understrekar at sjukehusa og spesialisthelsetenesta nærmar seg normal drift, men han erkjenner at det er eit etterslep, særleg innan rehabilitering og oppfølging av kronikarar.

Mange treng rehabilitering

Det er mange personar med svært ulik bakgrunn som treng rehabilitering. Det kan vera slagpasientar og andre som har vore gjennom operasjonar, trafikkskadde og personar som har vore utsett for andre ulukker, kanskje på arbeidsplassen.

Per Oretorp, Personskadeforbundet

Per Oretorp, ass. generalsekretær i Personskadeforbundet

Foto: Personskadeforbundet

– Vi meiner situasjonen krev ei omfattande styrking av rehabiliteringsområdet i spesialisthelsetenesta. Men også i kommunane, for dei må ta eit større ansvar no,

seier assisterande generalsekretær Per Oretorp i Personskadeforbundet.

Han fryktar det no blir ei oppsamling av pasientar som skal konkurrera om ressursane i helsevesenet, og etterlyser ein plan for å ta igjen det tapte for alle dei som måtte vika plass under pandemien.

– Dette vil kreva stor auke i ressursar til helsetenesta generelt, men vi er særs opptatt av at når ein har redda livet, skal pasientane også få eit rehabiliteringstilbod som vi veit gjer dei i stand til å meistre livet og å koma tilbake i arbeid.

Kravet om ein slik plan spelar Nakstad over til dei regionale helseforetaka.

– Dei har ansvaret for dette, og har lagt gode planar for korleis dei skal ta igjen etterslep og koma opp i mest mogeleg normal drift.

Vil tilbake i arbeid

For Line Thorsen er målet å koma seg tilbake i normal gjenge – helst tilbake på jobben.

– Men eg ser at noko drastisk må til for at eg skal klare det på grunn av dei smertene eg har.

Og det handlar ikkje berre om arbeid. Også livet på fritida hadde vore betre om smertene forsvann.

– No er det jo sånn at eg er jo veldig glad i å vera på havet og setja kveitevad og dra kveitvad, og fiske i vatn. Men no er det slik at eg sit og gruar meg berre for å ta i ei fiskestang, for då veit eg kva som skjer etterpå, seier Line Thorsen.

AKTUELT NÅ