Hopp til innhold

Landet gror att, og no vert det planta endå meir

Samstundes som store delar av landet slit med attgroing, vil regjeringa no nytte titals millionar på å plante granskog som eit klimatiltak. – Tiltaket har liten effekt, seier forskarar.

Lauvøya

MYKJE GRAN: her på Lauvøya i Nordland er det ikkje lenger mykje lauv, men store mengder gran

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er galskap, det er eit tulleprosjekt. Å plante granskog er korkje bra for klimaet eller for naturmangfaldet, seier skogbiolog i naturvernorganisasjonen WWF Trude Myhre.

Til saman delar regjeringa ut meir enn 70 millionar kroner i støtte til skogplanting kvart år.

No set dei i gong eit nytt prosjekt der dei løyver 45 millionar over tre år til planting av gran som eit klimatiltak i Nordland, Rogaland og Nord-Trøndelag. Planen er at det etter kvart skal trappast opp i andre delar av landet, og då kan dette klimaskogprosjektet åleine koste opp mot hundre millionar kroner i året.

Skogplanting

DET FØRSTE KLIMATRE: her vert det første klimatreet planta i Bjerkreim i Rogaland i førre veke.

Foto: Gerd Inger Aarnes / Skogselskapet i Rogaland

Myhre likar dårleg at regjeringa no nyttar store summar på å plante granskog i mellom anna Nordland og Rogaland.

– Det løyser ikkje problemet med attgroing i kulturlandskapet og det er heller ikkje eit godt klimatiltak fordi mørk granskog absorberer meir varme og soleis aukar drivhuseffekten. I tett og mørk planta granskog klarar heller ikkje andre artar å overleve.

Trude Myhre

TULL: Trude Myhre tykkjer regjeringa sitt klimaskogprosjekt er eit tulleprosjekt

Foto: Anja Elmine Basma / WWF

– Granskogen høyrer ikkje heime der

Aller minst likar ho at granskogen vert planta der ho meiner at den ikkje høyrer heime.

– Det burde vore forbode å plante gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet, det er ein framand art der. Noreg er internasjonalt forplikta til å stoppe spreiing av framande artar.

Forskar Erik Framstad ved Norsk institutt for naturforsking er samd i at planting av skog ikkje er eit godt klimatiltak.

– Det herskar stor usemje i fagmiljøet om dette er eit godt klimatiltak eller ikkje, og eg er nok ein klar skeptikar.

Pøbelgran kan gi økologisk katastrofe

FANGAR CO₂: alle er samde om at slike tre fangar Co2. Spørsmålet er om ein i eit klimarekneskap tenar på å plante tre for å hogge dei ned att.

Foto: WWF

Eit svært langt tidsperspektiv

Framstad trekk også fram at det vil ta svært lang tid før vi veit om skogplanting fungerer eller ikkje, men på den tida kan det allereie vere for seint.

– Skogplanting som eit klimatiltak må sjåast i eit seksti- eller hundreårsperspektiv, men i klimadebatten pratar vi jo elles om å omstille oss her og no. Om hundre år har klimaendringane allereie fått store konsekvensar.

– Eit viktig klimatiltak

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Lars Andreas Lunde avfeiar kritikken ifrå forskarane. Han tykkjer skogplanting er eit godt og viktig klimatiltak.

Lars Andreas Lunde

NØGD: Statssekretær Lars Andreas Lunde tykkjer skogplanting er eit veldig godt klimatiltak, han er nøgd med regjeringa si skogsatsing

Foto: Hallgeir Aunan

– Å plante skog er eit veldig godt klimatiltak fordi tre har potensial til å binde svært store mengder med Co2. Det er eit sjølvsagt berre eit av mange klimatiltak som regjeringa set i gong, men eg meiner det er eit viktig tiltak.

Støtte for tiltaka

Tidlegare fylkesskogsjef i Nord-Trøndelag, Mathias Sellæg, støttar regjeringa. Han meiner skogplanting kan vere eit godt tiltak der ein i dag slit med attgroing og krattskog.

– Attgroing produserer ingenting. Ofte gror landskapet att der ein tidlegare har drive matproduksjon. Det er fornuftig å nytte areala til å produsere skog, som kan nyttast industrielt, seier han. Han reagerer og på at planting av tre vert sett opp mot eit kulturlandskap som gror att:

– Ein må skilje mellom skog som vert planta og attgroing. Krattskog produserer jo ingenting, seier den tidlegare fylkesskogsjefen.

AKTUELT NÅ