Hopp til innhold

Kirken forlanger oljestans i nord

- Eg håpar vi får det til, ikkje aleine, men saman med andre, seier biskop Tor B. Jørgensen som deler ut vekkerklokker til stortingspolitikarane.

Inga Marte Thorkildsen mottar vekkerklokke fra biskopen

Miljøtalskvinne i SV, Inga Marte Thorkildsen tek i mot ei vekkerklokke frå biskop Tor B. Jørgensen.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Den norske kyrkja krev full oljestans i fem år.

Utanfor Trefoldighetskirken i Oslo står ei gruppe kristne og syng. Dei har med seg ein modell av ein oljeplattform med eit forbodsskilt over, og plakatar med bilder av fattige i den tredje verda som blir råka av klimaendringar.

LES ÒG: - Våkn opp i oljesaken

Kyrkja krev oljestans i fem år
Foto: Hans Erik Weiby / NRK
Kristine Hovland

Kristine Hovland

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

- John frå Kenya seier at klimaendringane gjer det stadig vanskelegare å leve av jordbruk. Vi har ingenting å ete, og ingenting å selje, siterer prosjektleiar for global info i Norges kristne råd Kristine Hovland frå ein av plakatane.

Krev fem års tenkjepause

Kyrkja meiner at Noreg ikkje kan leite etter meir olje og samtidig ta til orde for ei streng ny klimaavtale. Biskop Tor B. Jørgensen i Sør-Hålogaland vil ha fem års tenkjepause i utdelinga av oljeblokker på norsk sokkel.

For mange i Nordland er dette å banne i kyrkja, men biskopen står på sitt.

- Det ein har bede om, og her står mange kyrkjesamfunn saman om dette, det er ein fem års tenkjepause for oljeleiting i Lofoten og Vesterålen. Dette er veldig sårbare område, det gjeld ressursane som allereie er der frå naturen si side, altså fiskeria ikkje minst, og det gjeld klimaet generelt, seier Jørgensen.

I ryggen har biskopen Den norske kyrkja, Noregs kristne råd, Kirkens Naudhjelp og Changemaker, som er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Naudhjelp.

- Vi ønsker å være føre var, og vil be om en tenkepause på fem år.

NETT-TV: Er Gud mot oljeboring?

Biskop Tor B. Jørgensen i Sør-Hålogaland
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tenkjer langsiktig

Direktør i Kyrkjerådet Jens Petter Johnsen tek mikrofonen for å lansere Den norske kyrkja si langsiktige miljøsatsing som skal vare i ti år.

- Vi har sett oss eit stort mål: ei endring i kyrkje og samfunn i løpet av ti år. Ikkje berre nasjonalt, men internasjonalt, seier Johnsen.

- Som kyrkjer skal vi ikkje ta partipolitisk stilling, men vi vil halde fram vårt felles ansvar som kyrkje og samfunn for å hindre at Noreg ikkje skaper klimaendringar som ikkje minst verdas fattige lider under. Så ynskjer vi å gi politikarane ryggdekning for dei modige vala som må takast, legg han til.

- Noreg når ikkje måla

- Statens Forurensingstilsyn har påpeikt at regjeringa sitt forslag til omfang av tildelingar av nye oljefelt vil gjere det vanskeleg for Noreg å nå måla i klimaforliket, seier leiar Ida Thomassen i Changemaker.

- Dei fattige landa krev rettmessig at dei rike landa går foran. For Noreg sin del betyr det mellom anna å kutte utsleppa frå oljeindustrien. Fem års moratorium for tildeling av nye leiteblokker på norsk sokkel er eit svært godt og naudsynt tiltak, seier Thomassen.

Kirken demonstrerer mot oljevirksomhet i Lofoten

Med ei gigantisk oljeplattform som illustrasjon går biskop Tor B. Jørgensen fyrst i ei prosesjon frå Trefoldighetskirken i Oslo til Stortinget.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Etter bøner og song tek biskopen med seg hopen sin og går i samla flokk til Stortinget.

- De politikarar lever av dagens politikk. Men vi ber dykk om å sjå stort påansvaret dykkar. Vi er ei sårbar jord, seier Tor B. Jørgensen til politikarane.

Deler ut vekkerklokker

Biskopen tek deretter fram svarte vekkerklokker som han deler ut til energipolitikarane på Stortinget.

- Dette er ei vekkarklokke. Kvart på seks står det her, så det er på tide å stå opp og ta utfordringane på alvor, seier Jørgensen til Inga Marte Thorkildsen (SV).

- Eg kan love at SV vil gjere alt det vi kan for å verne desse områda, svarer Inga Marte Thorkildsen.

LES ÒG: Kirken vil ha stans i oljeleting

Både SV, Senterpartiet, Venstre og KrF er enige i at oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen ikkje bør skje no. Men Høgre er usamde i kravet om ein fem års tenkjepause.

Meiner kyrkja bommar

Kirkeprotest mot oljeboring
Foto: Dag Robert Johansen / NRK

- Det er eit dårleg krav. Norsk gass er ein del av Europas klimautfordring ved at den fortrenger kolkraft. Og gass er betydeleg betre enn kol. Vi må fokusere på norsk fornybar energi, der vi har eit kjempepotensiale, seier Peter Gitmark (H), som meiner ein ikkje berre kan slå av og på oljeindustrien slik kyrkja vil.

- Følgjene vil vere massive problem for heile industri-Noreg. Vi vil sjå at vi mistar arbeidsplassar, seier Gitmark.

NETT-TV: Høyre er ikkje enig med kyrkja

Peter Gitmark (H)
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Venstre meiner Høgre er kortsiktige. Venstre syns fem år er for lite, og vil heller gjere Lofoten og Vesterålen om til nasjonalparkar til havs. Dermed går partiet lenger enn Den norske kyrkja.

LES ÒG: Oppfordrer til masseutmelding av kirken

- Dette er viktige område langs kysten som er avgjerande for fisk og livet i havet. Venstre har sagt at vi vil ha eit varig vern av områda utanfor Lofoten og Vesterålen, seier Odd Einar Dørum (V).

Kva synest du, bør kyrkja ta del i klimadebatten?

AKTUELT NÅ