Hopp til innhold

Kyrkja reklamerer for homobryllaup på Snapchat

– Får ein dårleg smak i munnen, seier Niklas Baarli, som ikkje føler seg velkommen i kyrkja som homofil.

Reklame for eit homofilt par som går ned midtgangen i ei kyrkje.

Målgruppa for reklamane er dei mellom 20 og 45 år, opplyser kyrkja.

Foto: TATT 13.06.2022 KL. 20.28 Skjermbilde frå Snapchat

Målgruppa for reklamane er dei mellom 20 og 45 år, opplyser kyrkja.

Foto: TATT 13.06.2022 KL. 20.28 Skjermbilde frå Snapchat

I ein reklame for Den norske kyrkja som for tida går på Snapchat, Instagram og Facebook, viser dei klipp av ei rekke par som tar vigselen i kyrkja.

Ein ser blant anna ei brud i ein blå brudekjole, eit samisk par – og eit lesbisk par som går opp midtgangen.

Til slutt står det «Rom for kjærleik», etterfølgt av logoen til Den norske kyrkja.

– Hovudbodskapen er at alle er velkomne i kyrkja, seier Ingeborg Dybvig, som er ansvarleg for kyrkja sine nasjonale kampanjar.

Mange har oppfatning om at det må vere kvit kjole og stor, påkosta fest om ein skal gifte seg, seier ho.

– Vi ønsker å vise at alle kan gifte seg i kyrkja, uansett kva ein trur på, kven ein giftar seg med og kor mykje pengar ein tenker å bruke.

– Ikkje ekte hjarterom for skeive

Programleiar og TV-personlegdom Niklas Baarli er glad for at kyrkja vil vise seg som mangfaldig.

– Eg er utruleg glad for at dei har den kampanjen, og at det er teikn til ekte haldningsendring i kyrkja. Men eg får litt dårleg smak i munnen så lenge det framleis går an for prestar å reservere seg mot vigsel av homofile.

Kyrkja bestemte nemleg i 2016, då dei gjekk inn for å tillate likekjønna ekteskap, at prestar skulle ha fridom til å velje om dei ville vie homofile eller ikkje.

– Det er ikkje gjennomsyra, ekte kjærleik så lenge dei kan reservere seg. Det er ikkje ekte hjarterom for skeive menneske, meiner Baarli.

Finn Schjøll om å komme ut som homofil – Vanskeleg å snakke om det no også

Finn Schjøll

Valte å ikkje gifte seg i kyrkja

I februar 2017 gifta eit likekjønna par seg i kyrkja for første gong, men vegen dit har ikkje vore lett.

Berre tre år før, 8. april 2014, stemte Kyrkjemøtet mot eit forslag om at homofile skulle få lov til å gifte seg i Guds hus. Same dag meldte Baarli seg ut av kyrkja.

– Mi oppleving i kyrkja, gjennom mange år og gjennom oppveksten, er at dei har kjempa mot meg og sånne som meg. Så når dei stemte mot homofilt ekteskap i nyare tid, så var begeret fullt.

Benjamin Silseth og Niklas Baarli gifta seg i september 2021.

Benjamin Silseth og Niklas Baarli valde vekk kyrkja då dei gifta seg.

Foto: Privat

Baarli har ikkje meldt seg inn i kyrkja igjen. Og då han og mannen hans Benjamin Silseth gifta seg i fjor, valte dei ein humanistisk vigsel.

Medan Silseth argumenterte for at dei burde nytte seg av den retten mange i kyrkja har kjempa for, hadde Baarli ei dårleg magekjensle.

– Eg føler vi hadde trengt oss inn i kyrkja. Vi har brote oss inn der mot mange sin vilje, så eg ville ikkje dele min finaste dag med dei. Det fortener dei ikkje. Då ville eg heller dele det med nokon som set pris på oss.

Prøver å ta omsyn til begge partar

Kristine Sandmæl er prost i Lofoten, og var den første opne lesbiske prosten då ho blei tilsett.

Ho seier at kyrkja har tatt ansvar for at alle som vil gifte seg i kyrkja, skal ha høve til det. Likevel forstår ho at folk reagerer på at prestar kan nekte å vie to av same kjønn.

– Det opplevast som ein rett til å diskriminere, men kyrkja prøver å ta omsyn til begge partar. Både dei som vil gifte seg, og dei som av teologiske grunnar ikkje vil vie.

Prost Kristine Sandmæl i ei takkegudstjeneste for Desmond Tutu.

Prost Kristine Sandmæl er også leiar av LHBT-utvalet i Den norske kyrkja.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det har vore mykje motgang for skeive gjennom kyrkja si historie, også dei siste åra, poengterer ho.

– Trur du det kan ha gjort varig skade for homofile sitt forhold til kyrkja?

– Eg trur i alle fall at det har gjort noko med LHBT-personar si tillit. Og det skjønar eg veldig godt. Eg var sjølv på det kyrkjemøtet (då dei stemte mot likekjønna vigsel i 2014, journ. merk.) og var veldig skuffa og lei meg, fortel Sandmæl.

– Nokre reagerer med å ta avstand, men eg sa at ingen skulle få ta frå meg kyrkja mi.

Svekka tillit

Sandmæl seier det har hendt at homofile par har oppsøkt henne, fordi dei vil vere sikre på at presten som vier dei gjer det med glede.

– Eg ønsker meg ei verd der det ikkje er lov å nekte dette, og der ein ikkje spør om kva kjønn den du skal gifte deg med har. Men den verda er nok langt unna.

Niklas Baarli - P3aksjonen 2017

Niklas Baarli, tidlegare programleiar i NRK P3, seier det var vondt å vekse opp der kyrkja ikkje hadde plass til han. – Eg er litt bitter, og ber litt nag for det, seier han.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Niklas Baarli er glad for at skeive med eit kristent verdisyn no har ei kyrkje å vere i – men han trur kyrkja må jobbe hardt for å bygge opp igjen tilliten i LHBT-samfunnet.

– Dei har jo jobba i 2000 år for å bygge opp ryktet sitt, så det er ikkje gjort i eit jafs. Men eg håpar vi kan tenke på kyrkja utan å få eit kaldt gufs nedover ryggen.

Les også Biskopen ber for amerikanske kvinners rett til abort

Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger