Hopp til innhold

Kyllingsalet stupte - men no et vi som før

Salet av kylling har gått opp igjen etter ein markant nedgang i fjor haust. Produsentane trur at forbrukarane kjenner seg trygge på at kyllingen er ufarleg.

Stekt kylling

Skal ein tru bransjen, så er kyllingen inne i varmen att hos det norske folk.

Foto: Colourbox

– Det stemmer at heile kyllingbransjen har hatt ein tøff haust og vinter der salet fall markant. Men no ser vi at det peikar i motsett retning og at butikkane og kjedene bestiller stadig meir kylling, seier Ellen Flø Skagen som er informasjonssjef i Nortura.

ellen flø skagen

Ellen Flø Skagen i Nortura seier at nordmenn sin kyllingskepsis har flata ut.

Kyllingsalet er no tilbake til slik det var for kring eit år sidan, og Nortura opplever også at det er meir fokus på kyllingen i butikkane enn det var før.

– Eg trur det kjem av at forbrukarane har fått med seg at kyllingen er trygg. Alt handlar om god kjøkkenhygiene og godt matvett, seier Skagen.

Markant nedgang i kyllingsal

Salet av kylling gjekk markant ned i fjor etter at det vart funne antibiotikaresistente bakteriar i norsk kylling. Bakteriane kan gjere reserveantibiotika ubrukeleg og infeksjonar dødelege.

Tala viste at det vart produsert 1,6 millionar færre kyllingar i fjerde kvartal 2014 enn same periode året før.

Men no ser det altså ut til at forbrukaren har lagt kyllingskepsisen bak seg.

Kyllingbakteriar kan ha smitta menneske

Som NRK melde onsdag morgon, kan menneske ha blitt smitta av antibiotikaresistente bakteriar frå kyllingkjøt.

I seks av 257 prøver av pasientar med infeksjon er det funnet ein bakterie som er tilnærma lik bakteriane som er funne i kylling.

– Men det vi ikkje veit er om disse personane har ete kylling, så vi kan ikkje sikkert seie at det er kylling som er årsaka til at dei er blitt sjuke, seier overlege ved Folkehelseinstiuttet Martin Steinbakk.

At bakteriar i kyllingkjøt kan ha smitta over på menneske, gjer merking av desse produkta endå meir påkravd, meiner Forbrukarrådet. Nei, meiner Mattilsynet.

Rå kylling

Bruk eiga skjerefjøl og eigne knivar og vask hendene godt etter å ha kutta opp kyllingkjøtet, anbefaler Mattilsynet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Med god hygiene er det ingen problem

Også Coop merka nedgangen i salet av kylling i fjor haust. No merkar også dei at salet av kylling er tilbake til normalen.

– Kvar gong det vert sett fokus på produkt og helsefare så vegrar folk seg mot å kjøpe det, seier Bjørn Takle Friis i Coop. Han presiserer at det ikkje er farleg å ete norsk kylling. Og også han minner om det viktigaste poenget i matlaging:

– Dersom ein har god mat- og kjøkkenhygiene og steiker kjøtet godt nok så er det ingen fare.

Rema 1000: – Fasar ut narasin i fôret

Narasin har blitt brukt for å motverke sjukdommar i slaktekylling. Debatten har gått om bruken av det fører til framvekst av antibiotikaresistente bakteriar.

Mette Fossum Beyer

Mette Fossum Beyer i Rema 1000 kan fortelje at leverandørane deira kuttar ut det omstridde tilsettingsstoffet narasin.

Foto: Rema 1000

Konsekvensen er at folk i stadig større grad har vegra seg for å ete narasin-fôra kylling. No fortel Rema 1000 at deira leverandørar er på veg mot å kutte ut denne ingrediensen.

– Solvinge er i ein prosess med å bytte ut soya i fôret med lokal raps i tillegg til å vere langt i prosessen med å fase ut narasin i kyllingfôret, seier kommunikasjonsdirektør i Rema 1000, Mette Fossum Beyer.

Rema 1000 sel også Stangekylling, som ifølgje Beyer aldri har fått anna enn vegetabilsk kveite, havre og mais.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger