Hopp til innhold

Kvinne påkøyrt av toget – nordmann sikta for drapsforsøk

Ein 33 år gammal norsk statsborgar er sikta for drapsforsøk etter at han ifølgje vitne dytta ei kvinne i 70-årsalderen framfor eit tog på jernbanestasjonen i den svenske universitetsbyen Lund seint måndag kveld.

Nordmann dytta kvinna framfor toget i Lund.

Politiet gjer undersøkingar på staden der ein norsk 33-åring dytta ei kvinne framfor toget i den sørsvenske byen Lund.

Foto: Johan Nilsson/TT / TT NYHETSBYRÅN

Kvinna vart teken til sjukehus med alvorlege skadar, melder SVT. Den norske 33-åringen vart gripen etter kort tid. Politiet har i heile natt gjort tekniske undersøkingar på staden.

Calle Person, pressetalsmann for Polisen Syd.

Calle Person er pressetalsmann for Skåne-politiet.

Foto: Anna Hermansson / Anna Hermansson

Vitne på staden peika ut mannen og film frå eit overvakingskamera støtta opp om vitneforklaringane, seier Calle Persson, pressetalsmann for politiet.

– Tilfeldig offer

Ifølgje avisa Sydsvenskan var det eit godstog som køyrde på kvinna, og dei skriv at gjerningsmannen slepte kvinna ned på toglina. Ifølgje avisa verka det som om mannen hadde valt henne ut tilfeldig.

Cirka 40 personar som oppheldt seg på perrongen, blei vitne til hendinga måndag kveld.

– Eg ser opp mot godstoget som kjem inn. Så ser eg et menneske som drar i et anna menneske, nærmare og nærmare sportet. Eg skrik: «Nei, nei, nei». Det går så fort, seier et vitne til Sydsvenskan.

– Han drar henne i overkroppen, ho kjemper imot. Deretter dytter han henne mot sporet akkurat når toget kjem, seier vitnet.

Nektar å forklare seg

Vitna har fortalt til avisa at mannen sjølv klatra frå toglina og opp på perrongen, der han sette seg ned på ein benk til politiet arresterte han. Ifølgje vitna skalv han sterkt.

– Han er blitt avhøyrt i løpet av dagen, men han har ikkje villet fortelje noko i det hele tatt, seier statsadvokat Henrik Steen, som leder etterforskningen.

– Det er jo ein veldig tragisk hending. Det finst mange vitne, så vi har gode forhåpningar om at vi skal komme fram til kva som har skjedd og oppklare denne forbrytelsen innan ganske kort tid, seier han vidare.

– Ingen relasjon

Magnus Lefèvre i region Syd av det svenske politiet seier at så langt dei veit, så var det ingen relasjon mellom nordmannen og kvinna. Politiet kjenner heller ikkje til noko motiv for ugjerninga, men dei reknar med at mannen blir avhøyrt i løpet av dagen.

Fleire personar som var vitne til hendinga, har fått tilbod om krisehjelp.

Det er uklart om den norske 33-åringen er busett i området.

AKTUELT NÅ