Hopp til innhold

Kvinne arrestert for knivstikking i Alta

Ein mann i midten av 20-åra i Alta er sendt til legevakta etter at han blei stukken fleire gongar med kniv. Ei kvinne på same alder er arrestert for knivstikkinga.

Politi i Alta

Ein mann i 20-åra i Alta er hardt skadd etter han blei knivstukken natt til søndag. Politiet har arrestert ei kvinne som er mistenkt for ugjerninga.

Foto: André Bendixen / NRK

Politiet i Finnmark fekk søndag morgon melding om knivstikking i ei leilegheit i Alta. Då dei kom fram, fann dei ein hardt skadd person etter fleire stikk i armen og overkroppen. Politiet starta livreddande førstehjelp for å få stoppa blødingar.

Mannen er sendt til Alta helsesenter, og ikkje til sjukehus i Tromsø eller Hammerfest. Skadane ser ut til å vere mindre alvorlege enn det ein først trudde, og det skal ikkje vere fare for livet til mannen, skriv politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Operasjonsleiar Svein Erik Jacobsen seier ein mistenkt blei arrestert på staden.

– Ei kvinne i 20-åra er gripen av politiet, medan helsepersonell har teke hand om mannen som er i same alder.

Vitne inne til avhøyr

Det skal ha vore ein relasjon mellom gjerningsperson og offer, som budde på same adresse. Dei var også kjende for politiet frå tidlegare. Det var fleire vitne til ugjerninga, seier Jacobsen.

– Vi har ikkje oversikt over kva som skal ha skjedd, men vi har teke inn fire personar som var til stades då dette skjedde.

Politibil i Alta

Politiet seier saka i Alta er ei alvorleg valdssak, og at dei kjem til å bruke krimteknikarar for å få betre oversikt over kva som har skjedd i leilegheita.

Foto: André Bendixen / NRK

Jacobsen seier det er mykje blod i leilegheita, og at dei skal bruke krimteknikarar for å få betre oversikt over kva som har skjedd.

Ifølgje NTB er det eine vitnet veldig prega av situasjonen og er i sjokktilstand. Vedkomande får hjelp av helsepersonell.

AKTUELT NÅ