Etter det NRK kjenner til skal regjeringa si avgjerd no vere endeleg klar, og alt ligg dermed til rette for at den nye Oslo-biskopen blir utpeika i Statsråd fredag.
Det har frå før vore kjend at biskopen blir utpeika før påske.
Regjeringa skal ha teke den endelege avgjerda under budsjettkonferansen på Jevnaker tidleg denne veka.
Kvarme har fått flest stemmer under dei kyrkjelege avstemmingsrundane, men han har vore omstridd mellom anna på grunn av homofilisynet.
Sentrale Oslo-politikarar i regjeringspartia Venstre og Høgre har ønskt at ein annan enn Kvarme blir ny biskop i Oslo.
Det har ikkje lukkast NRK å finne ut om nokre av statsrådane kjem til å ta dissens.