NRK Meny
Normal

Kvar fjerde er i bakrus på jobb

Sløvande legemiddel, alkohol eller narkotika har redusert ein av fire på jobb, fortel Folkehelseinstituttet. I den nye studien kjem det også fram at menn er verst.

Bakrus

600 PÅVERKA: 1 av 4 i studien til Folkehelseinstituttet hadde vore reduserte på arbeid på grunn av rusbruk.

Foto: Knudsen, Anders Marius / NTB Tema

Totalt var det 2437 deltakarar i studien som er gjennomført av Folkehelseinstituttet og den tidlegare rusorganisasjonen SIRUS. Over 600 av dei som deltok vedgjekk at dei hadde vore i ei eller annan form for bakrus på arbeid.

Narkotika, legemiddel og alkohol

Det var folk frå åtte bransjar som fylte ut eit prøveskjema, og gav ei spyttprøve. Den vart analysert for alkohol, seks narkotiske stoff og 12 roande legemiddel.

Øyvind Arum

ALVORLEG: – Det er ikkje gode tal vi ser i undersøkinga, og vi er svært opptekne av at arbeidsgjevarane vi har under oss skal ha fokus på dette, seier kommunikasjonssjef i Virke, Øyvind Arum.

Foto: Virke

Det var folk frå helsevesenet, finansnæringa, industri, transport og lager, utelivsbransjen, offentleg administrasjon, media og forsking som deltok.

– Det er høge tal som kjem fram frå undersøking, og det er ikkje noko ein ønskjer. Det er viktig å ha ein tydeleg kommunikasjon om kva ein ventar av tilsette, seier kommunikasjonssjef i Virke, Øyvind Arum, Noreg nest største hovudorganisasjon for næringslivet.

Han seier arbeidsgjevar har avgrensa moglegheit til å kontrollere tilsette i fritida, men at dei bør reagere om tilsette kjem på arbeid utan å klare gjennomføre jobben.

– Det gjeld spesielt arbeid som har spesielle krav til tryggleik. Det uakseptabelt å komme på jobb utan å vere klar til å jobbe.

Sjuke på grunn av alkohol

5,2 prosent av dei som deltok i studien hadde brukt sløvande legemiddel i løpet av dei siste to døgna, og 1,4 prosent hadde brukt narkotika. 17 prosent hadde brukt alkohol det siste døgnet, viser undersøkinga.

Medisiner (Illustrasjon)

SLØVANDE: 5,2 prosent av dei som deltok i undersøkinga hadde brukt sløvande legemiddel.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Fem prosent av dei som deltok i undersøkinga hadde vore heilt vekke frå arbeid på grunn av alkohol det siste året, og tala viser også at det er utelivsbransjen som har dei største utfordringane.

Narkotika og alkohol førte oftare til sjukefråvær der, enn i andre bransjar. Helsearbeidarar var dei som kom best ut.

Men sløvande legemiddel brukar helsearbeidarar meir, saman med tilsette i transportbransjen.

Stort alkoholinntak og sjukefråvær på grunn av drikking er meir vanleg blant menn enn kvinner, viser Folkehelseinstituttet sine tal.

Underrapportering

Selskap

RUS: Fem prosent i undersøkinga hadde vore heilt vekke frå arbeid på grunn av rus.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

– Vi er svært opptekne av dette, og arbeidsgjevar skal alltid ha eit alternativ til møteplassar der alkohol er inkludert i sosiale samkomer.

Studien gjev ein sikker indikasjon på nyleg bruk av dei aktuelle stoffa på grunn av spyttprøvene deltakarane måtte gje frå seg.

Tidlegare har det vore større uvisse ved slike undersøkingar på grunn av manglande fysiske prøver. Difor meiner Folkehelseinstituttet at det også har vore underrapportering av rusmiddelbruk blant norske arbeidstakarar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger