Det trengst berre fråsegn frå ein lege for å få sleppe heile eller delar av straffa.
Etter påstandane om sal av falske legeerklæringar til kriminelle, vil no eit fleirtal i justiskomiteen på Stortinget vurdere om det bør vere fleire medisinsk sakkundige i benådningssaker.
For sjuke
Dei straffedømde er sett bak lås og slå, og samfunnet har teke fridommen ifrå dei.

FORHASTA: Jan Arild Ellingsen (Frp) meiner det ser ut som at avgjerda om berre ein sakkundig, kan ha vore forhasta.
Samstundes er mange for sjuke til å sone i fengsel. I fjor blei 45 forbrytarar av drygt 200 søkjarar, benåda.
Det er eit tal som har haldt seg nokolunde jamnt dei siste åra.
Til grunn for ei benåding ligg ei legeerklæring. Ofte berre frå ein medisinsk sakkundig.
Ein lege nok
I eit forsøk på å forenkle straffesaksgangen avgjorde Stortinget i 1994 at det heldt med fråsegn frå ein lege.
Men etter påstandane om at falske legeerklæringar er skrivne ut til kriminelle, er tonen no ein annan hos eit fleirtal i justiskomiteen.
Kanskje forhasta

SUBJEKTIV: Olav Gunnar Ballo (SV) påpeikar at ei legeerklæring alltid er subjektiv. (Foto: NRK Puls)
Jan Arild Ellingsen frå Framstegspartiet seier at det i etterpåklokskapens lys ser ut som avgjerda frå den gongen kanskje var forhasta.
- Vi burde kanskje ha eit system der forsvarsida har sin sakkundige og aktoratet sin. Då tvingar ein også dommaren og domstolen til å ta stilling til kven av dei to sakkundige som er mest truverdig, seier Ellingsen.
Også justisminister Knut Storberget og helseminister Sylvia Brustad held døra open for å gjeninnføre krav til fråsegn frå fleire enn ein sakkundig i benådingssaker.
Olav Gunnar Ballo (SV) påpeikar at ei legeerklæring alltid er subjektiv.
- Det er klart at ein treng meir enn ei vurdering, seier han.