Arbeidet med kostnadskutt og utsleppsreduksjonar får konsekvensar for bilistar som skal køyre E16 mellom Sandvika og Hønefoss. Det stadfestar utbyggingsdirektør for Ringeriksporteføljen, Morten Klokkersveen:
– 100 km/t gir mindre konstruksjonar, vi kan gjenbruke større delar av dagens veg og tunnelar, og vi får lågare utslepp, forklarar han.
Det som tidlegare gjekk under namnet Fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 blei 2021 overtatt av selskapet Nye Veier. Den gigantiske veg- og jernbaneutbygginga mellom Sandvika og Hønefoss skal kutte reisetida på Bergensbanen med ein time. Parallelt med jernbanen skal det gå firefelts motorveg.
Fartsgrensa var planlagt til 110 km/t, men blir sett ned til 100 km/t.
Det er enno usikkert når den endelege avgjerda om ny veg- og jernbane blir tatt, sjølv om nesten alle dei politiske partia på Stortinget har sagt ja.
Lågare kostnadar og gjenbruk av gamlevegen kan sikre utbygginga til 34 milliardar kroner.
Lågare fartsgrense, men like raskt fram
Utbyggingsdirektøren meiner at ein vil kome like raskt fram, sjølv om fartsgrensa blir lågare enn først planlagt.
– Bilisten kjem like fort fram, men vi klarer å få til det til ein lågare kostnad. Erfaringar og tal frå fartsvurderingar er at auken frå 100 til 110 km/t gir relativt liten auke i gjennomsnittsfarten.
Ingunn Handagard, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF, trur at ein framover vil sjå fleire døme på at ein veg naturinngrep, kostnadar for samfunnet ved vegbygging og bompengekostnadar opp mot løysingane som blir valde.
– Høgast mogleg fart er veldig sjeldan eit mål i seg sjølv for dei fleste som ferdast på vegen. Trafikktryggleik og framkomst er veldig viktig å ivareta, seier Handagard.
Røystar imot
Elektrifisering av maskinparken og mindre transport av massar er nokre av tiltaka som skal redusere CO₂ – utslepp i utbygginga.
Og sirkulærøkonomi er blitt viktig, seier utbyggingsdirektør Morten Klokkersveen, og viser til gjenbruk av ein tunnel som nyleg er rehabilitert:
– Det gir utslag i mindre beslag av natur og mindre CO₂- utslepp i anleggsfasen, seier utbyggingsdirektøren.
Arild Hermstad i Miljøpartiet De Grønne registrerer utsleppskutta, men let seg ikkje overtyde.
– Vi kjem til å røyste imot prosjektet. Framleis er jo dette ei marginal forbetring på eit prosjekt som ikkje burde vore bygd, og særleg det at ein bygger motorveg for 100 km/t som aukar vegkapasiteten.
Han legg til:
– Det gjer framleis prosjektet uspiseleg viss ein er opptatt av å sette naturomsyn først.