Hopp til innhold

Kusinene mista halve ferien – flystreiken trappast opp fredag

Kristin Langeland og Marte Fjellstad fekk reisa til London innstilt grunna streik. Streiken trappast opp varslar NFO. Forbrukarrådet frårår likevel å avbestille.

Kusinene Kristin Langeland og Marte Fjellstad på Oslo Lufthamn fikk flyet sitt til London kansellert to minutt før boarding.

På Oslo Lufthamn i dag tidleg fekk kusinene Kristin Langeland og Marte Fjellstad flyet sitt til London kansellert to minutt før boarding.

Foto: Vegard Haugland Strand / NRK

Kusinene og studentane Kristin Langeland og Marte Fjellstad var klare for å gå om bord flyet til London, men to minutt før boarding fekk dei ein beskjed.

Flyet blei kansellert.

– Det var kjipt. Vi hadde planlagt ein kort tur og vi hadde gleda oss til å reise på musikal i dag, men det blir vanskeleg å få til, seier Fjellstad.

Dette er den einaste turen kusinene får til i sommar sidan dei er studentar og skal bruke resten av sommaren på å jobbe.

– Vi mistar 50 prosent av ferien grunna kaoset, så det er veldig kjipt, seier Langeland.

Oslo lufthavn Gardermoen

Norwegian-flygingar er ramma av flyteknikarstreiken.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Trappast opp fredag

Leiar for NFO, Jan Skogseth seier til NRK at forhandlingane står bom fast og stadfestar at ytterlegare 39 flyteknikarar blir tatt ut i streik frå fredag 24. juni.

Då går talet på streikande opp til 145.

Jan Skogseth er leder i Norsk Flytekniker Organisasjon

Jan Skogseth er leiar i Norsk Flytekniker Organisasjon.

Foto: NRK

– Eg oppfattar NHO Luftfart som lite interessert i reelle forhandlingar, seier han.

Skogseth seier at partane ikkje har snakka saman sidan søndag.

Torbjørn Lothe, administrerende direktør i NHO Luftfart

Torbjørn Lothe, administrerande direktør i NHO Luftfart.

Foto: Pressebilde / NHO

NHO Luftfart på si side seier at NFO er ansvarlege for streiken.

– Flyteknikarane bør realitetsorientere krava sine og akseptere eit oppgjer på linje med bussjåførar, politi og sjukepleiarar har fått. Resten av samfunnet har tilpassa seg, det har ikkje flyteknikarane, seier leiar i NHO Luftfart Torbjørn Lothe til NRK.

– Slite med å få mykje sympati

På flyplassen i Alta er Sigrid Aas på veg sørover til sitt eige bryllaup med yngste dottera si.

Sjølv om flyet ikkje er kansellert, kjøpte ho to flybillettar for å vere sikker på at ho kjem fram i tide.

– Eg oppdaga i helga at det skulle bli flyteknikar-streik. Bryllaupet er sørpå neste helg, så då booka eg ein ny billett litt tidlegare på grunn av streiken.

Sigrid Aas i Alta på veg til eige bryllaup i Sør-Noreg med den yngste dottera på hofta.

Sigrid Aas i Alta på veg til eige bryllaup i Sør-Noreg med den yngste dottera si.

Foto: Jo Hermstad Tronsen / NRK

Mannen og dei tre andre barna har allereie starta turen med bil.

Ho meiner tidspunktet på streiken er litt dårleg etter to år med korona.

– Det som kom fram i media er at det er eit lønnskrav på 17–18 prosent auke. Eg syns det var litt mykje i forhold til andre som streikar. Og akkurat no har det så store ringverknader for mange, så eg trur kanskje dei skal slite med å få mykje sympati, seier den kommande brura.

Fare for fleire streikar

Måndag kveld sit Fellesforbundet og NHO-Luftfart i mekling med frist til midnatt. Om dei ikkje blir samde blir 160 bakmannskap i Bergen og Trondheim tatt ut i streik.

29. juni kan også 900 SAS-pilotar i Skandinavia gå ut i streik.

Streik i flybransjen skaper bekymring hos mange som skal reise på sommarferie.

Elise Ommundsen fekk reisa til Nice booka om. No er ho usikker på om ho i det heile tatt får reist. Sjå video under:

Reisa til Nice vart booka om: – Eg sit med hjartet i halsen.

Ikkje avbestill sjølv

Passasjerar som blir ramma av flystreik, skal få pengane igjen eller ny reise.

Det seier Forbrukarrådet.

– Dersom det ser ut til at flyginga di står i fare for å rammast av streiken, er det viktig at du ikkje avbestiller reisa sjølv. Då har du nemleg ikkje krav på refusjon, noko du har om du ventar til flyet blir innstilte, fortel seniorrådgivar Thomas Iversen til NTB.

Flyteknikarane som er tekne ut i streik, er tilsette i ulike flyselskap.

– Det er avgjort av EU-domstolen at streik blant flyselskapets eigne tilsette ikkje fritek flyselskapet for erstatningsansvar. Men dersom tilsette på flyplassen eller andre leverandørar streikar, så kan det vere noko anna, seier Iversen.

Dette har du krav på

Viss flyet blir innstilt eller forseinka i meir enn fem timar på grunn av streiken, har ein tre val, ifølgje Forbrukarrådet:

  1. Ombooking snarast mogleg.
  2. Ombooking til eit seinare tidspunkt.
  3. Pengane tilbake for reisa.

I tillegg har ein krav på økonomisk erstatning.

– Kor mykje du har krav på, varierer på bakgrunn av standardiserte satsar. Det høyrest kanskje litt komplisert ut, men vi i Forbrukarrådet har laga ein flykalkulator som enkelt reknar ut kva du har krav på og lósar deg gjennom prosessen med å søkje om refusjon, seier Iversen.

Flyplasskaos og bagasje-trøbbel

Streik i Noreg er ikkje det einaste som skaper hovudbry for reisande.

Ei rekkje europeiske flyplassar har vorte ramma av forseinkingar, underbemanning og kaos den siste tida.

På Schipol i Amsterdam vart reisande møtte med lange køar måndag.

Tom Rune måtte stå i kø i to og ein halv time for å komme seg gjennom tryggingskontrollen.

Lange køer til sikkerhetskontrollen på Schiphol.

Denne køen møtte Tom Rune på Schiphol måndag. Han måtte vente i fleire timar for å komme gjennom tryggingskontrollen.

Foto: Tom Rune

– Det var veldig stressande. Vi fekk inga forklaring. Det var berre å følgje etter dei andre, seier han.

– Det var ikkje sånn dagen min skulle bli, legg han til.

Måndag braut ein landsomfattande streik ut i Belgia. Den rammar fleire belgiske flyplassar, og reisande må vente fleire timars forseinkingar. Også seinare denne veka er det venta fleire streikar som vil ramme flytrafikken i landet.

Det har også trøbbel med forseinka bagasje frå fleire flyplassar rundt i Europa.

Forsikringsselskapet Fremtind fortel at dei har vorte kontakta av mange kundar som ikkje har fått bagasjen sin frå flyplassar i mellom anna Amsterdam, Barcelona og London.

Flyplassarbeidere står ved siden av linjer med passasjerbagasje arrangert utenfor terminal 2 på Heathrow flyplass i London

Flyplassarbeidarane står ved sidan av rekker med passasjerbagasje utanfor terminal 2 på Heathrow flyplass i London.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Reisande bør fordele viktig bagasje i ulike koffertar, og ta med det viktigaste i handbagasjen, ifølgje kommunikasjonsrådgivar i Fremtind Anette Grønby Rein.

Blir ikkje dekt av forsikringa

Hos forsikringsselskapa har telefonen ringt i heile dag.

Mange må likevel rekne med å ikkje få hjelp om ferien ryk grunna av streiken.

For verken flyplasstreik eller kaos på flyplassane gir grunnlag for erstatning.

Viss du blir ramma av forseinkingar på grunn av kaoset nedover i Europa, blir det ikkje dekt av reiseforsikring, seier kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet Tryg Ole Irgens.

Flyselskapa er kontaktpunktet dersom ein blir ramma av forseinkingar på europeiske flyplassar, ifølgje Irgens.

Les også: – Reiseforsikringa dekker ikkje streik

Sommertraffikk Oslo lufthavn Gardermoen
Sommertraffikk Oslo lufthavn Gardermoen

Lyspunkt

AKTUELT NÅ