Ved å mate systemet med sjukefråværsdata frå dei siste fem åra, meiner selskapet bak teknologien at dei kan føresjå det meste av fråværet.
Dermed slepp tilsette å stadig få telefonar om å ta ekstravakter på kort varsel.
Det meste av fråværet er allereie dekt inn inntil seks månader før det oppstår.
Inspirert av utslita kone
Mannen bak ideen heiter Hai Thanh Nguyen. Då kona hans jobba som sjukepleiar i Trondheim, ringde ho stadig heim for å be han hente i barnehagen.
Hai Thanh Nguyen saman med kona og dei to sønene.
Foto: privatHo måtte ta endå ei ekstravakt fordi det var sjukdom og dei klarte ikkje å finne nokon andre.
Etter tre år orka ho ikkje lenger og bestemde seg for å slutte.
Hai Thanh Nguyen, gründer av Synplan som bruker kunstig intelligens til å predikere sjukefråvær.
Foto: Knut Are TornåsNgyen har bakgrunn mellom anna frå NTNU og meinte det måtte finnast ein betre måte å bemanne ein sjukeheim på, enn å ringje ein vikar når ein tilsett vart sjuk.
Ved å kople sjukefråværsdata med kunstig intelligens, byrja han arbeidet med å utvikle teknologien.
Datatryggleik
Systemet han utvikla gjer det mogeleg å føresjå kor mange som kjem til å bli sjuke på bestemte dagar i framtida.
Ein frykt mange har med kunstig intelligens, er datryggleik. Ngyen forsikrar at dei ikkje kan føresjå når enkeltpersonar blir sjuke, men sannsynet for fråvær i ulike grupper av tilsette:
– Systemet ser mange ulike historiske data og prøver å analysere kva slags trendar som finst og kva som gjer at folk blir sjuke. Dermed kan vi predikere kor mange som kjem til å bli sjuke i framtida.
Mange ledige vakter i turnusplanen. Høgt sjukefråvær er ein stor utfordring i helse- og omsorgssektoren.
Foto: privatKan føresjå 80 prosent av sjukefråværet
Lars Dahle er dagleg leiar i Synplan. Han seier teknologien fangar opp det aller meste av fråværet i forkant:
– For avdelingar med rundt 50 tilsette, vil vi typisk liggje på eit nivå rundt 80 prosent.
Det vil seie at avdelingar kan dekke inn 4 av 5 fråværsdagar.
Gründer Hai Thanh Nguyen og dagleg leier i Synplan, Lars Dahle.
Trondheim først ute
- Vi var jo litt skeptisk.
Lill Eva Lyngvold er avdelingsleiar ved Leistad avlastning for vaksne i Trondheim. Ho jobbar med å lage turnusplanar.
Foto: Morten AndersenDet seier Lill Eva Lyngvold som jobbar med å legge turnusplanar for dei tilsette. Etter å testa ut systemet ein stund, er ho veldig fornøgd:
– Veldig godt å vite at ein slepp å bruke heile dagen sin på å prøve å få tak i nokon.
Lars Dyrdahl er økonomisjef i Trondheim kommune. Han meiner bruken av kunstig intelligens gjev eit betre grunnlag for å planlegge turnusar:
– Ved å i større grad planlegge med meir korrekte prognosar for sjukefråvær, vil vi potensielt kunne redusere bruk av overtid og innleige. Og på denne måten skape ein meir robust tjenesteleveranse til innbyggjarar, brukarar og pasientar. Vi kjem til å auke bruken av dette datagrunnlaget i planarbeidet utover hausten og inn i 2024.
Økonomisjef Trondheim kommunar, Lars Dyrdahl.
Foto: privatForbundsleiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, skriv i ein kommentar at dei synest forsøket er interessant:
Forbundsleiar i Norsk Sjukepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen.
– Vi er opptekne av at bemanninga i helsesektoren må ta høgde for pårekneleg fråvær, dvs. ferie, sjukefråvær, permisjonar, mv. Det vil minske belastninga på dei tilsette, gi betre tenester og redusere behovet for å leige inn ekstravaktar.
Svarer på Helsepersonellkommisjonen
Lars Dahle i Synplan meiner denne typen teknologi svarar på nokre av utfordringane som vart omtala i Helsepersonellkommisjonens rapport tidlegare i år.
Der kom det fram at det ikkje vil vere nok helsepersonell i framtida, viss vi ikkje finn nye måtar å jobbe på.
– Vi trur ingen kan unngå å ta i bruk den typen teknologi, der ein får mest mogleg helsehjelp ut frå kvar enkelt ressurs.
Enormt potensial
Morten Goodwin forskar på kunstig intelligens og meiner det dei gjer i Trondheim er døme på korleis KI kan vere eit nyttig verktøy for norske kommunar.
Morten Goodwin, professor Universitetet i Agder
Foto: John Inge JohansenHan meiner moglegheitene er mange for norske kommunar:
– Potensialet i norske kommunar er heilt enormt, frå sjukehus til byggjesak.