Hopp til innhold

Kulturministeren veit ikkje om Norsk Tipping har kontroll på økonomien

Det blir no ekstraordinær generalforsamling i Norsk Tipping der selskapet må svare på korleis det kan drivast meir effektivt. For høge kostnadar til drift betyr mindre til gode føremål, meiner Kulturdepartementet.

Norsk Tipping og kulturminister Thorhild Widvey

KREV SVAR: Kulturminister Thorhild Widvey (H) meiner Norsk Tipping ikkje har gitt gode nok svar på om dei driv effektivt nok eller ikkje. Ho kallar no inn til ekstraordinær generalforsamling.

Dette skjer under ein månad etter den ordinære generalforsamlinga, der heile styret i Norsk Tipping blei kasta av statsråden.

Grunnen til at kulturministeren kallar inn til ekstraordinær generalforsamling er at ho ikkje har nok informasjon til å vurdere korleis tippeselskapet brukar pengane.

– Rapporteringa på effektivitet har vore mangelfull og levert for seint. Det er grunnen til at kulturministeren innkallar til ekstraordinær generalforsamling, seier statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H) i Kulturdepartementet.

Kulturminister Thorhild Widvey (H) er på reise, og har difor ikkje vore tilgjengeleg for intervju.

– Fekk ufullstendig rapport

Norsk Tipping skulle ha levert ein fullstendig rapport om pengebruk til kulturministeren 15. mars. Rapporten blei først sendt 9. april, nesten ein månad etter fristen.

Statssekretær Bjørgulv V. Borgundvaag

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H) i Kulturdepartementet seier dei tek dette på høgaste alvor.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Alle rapportar frå alle statlege verksemder bør leverast i tide, seier Borgundvaag til NRK.

Rapporten inneheldt heller ikkje det den skulle, ifølgje Kulturdepartementet.

Den «mangler en redegjørelse for utviklingen i sentrale kostnadsparametre. Når heller ikke styrets årsberetning eller årsregnskapet for 2014 inneholder en slik redegjørelse, har departementet ikke godt nok grunnlag for å vurdere selskapets arbeid med kostnadseffektivitet».

Kulturministeren skal også ha fått ein ekstern evaluering av effektiviteten.

– Først når rapporten ligg føre har vi grunnlag for å vurdere om dei driv tilfredsstillande, seier statssekretæren.

Kritikk frå Riksrevisjonen

Det har vore turbulens rundt Norsk Tipping i det siste. I november i fjor fekk styret og leiinga refs av Riksrevisjonen.

«Revisjonen stiller spørsmål ved om styret og ledelsen i tilstrekkelig grad har satt krav til effektiv drift og ressursbruk, og om disse er ambisiøse nok,» står det i rapporten frå Riksrevisjonen.

I slutten av april gjekk også ExtraStiftelsen, med 28 helseorganisasjonar i ryggen, hardt ut mot Norsk Tipping. Dei meiner tippeselskapet urettmessig har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner som skulle gått til helsetiltak.

– Riksrevisjonen meiner det er potensial for at Norsk Tipping kan driftast meir effektivt. Dårleg effektivitet går utover inntektene til dei gode føremåla, og regjeringa tek dette på høgaste alvor, seier Borgundvaag til NRK.

– Vi meiner vi er kostnadseffektive

Kommunikasjonsdirektør Tonje Sagstuen i Norsk Tipping beklagar det som har skjedd.

– Vi tek sjølvkritikk. Vi burde levert i tide. Det har vore ei misforståing rundt fristen, men det ansvaret tek vi, seier Sagstuen til NRK.

– Dette skulle vi gjerne vore forutan. No jobbar vi med å levere som vi skal, seier ho vidare.

Norsk Tipping har fått ny frist til 29. mai. Sagstuen seier dei i vår har sett i gong eit omfattande prosjekt som skal sjå på pengebruken i heile organisasjonen.

– Det gjer vi for at mest mogleg overskot skal gå til dei gode føremåla i samfunnet, seier Sagstuen.

– Vi opplever at vi har stort fokus på å drive kostnadseffektivt, og vi meiner vi er kostnadseffektive, men som monopolist så forstår vi, og veit, at det blir stilt spørsmål ved akkurat dette. Det jobbar vi med heile vegen.

Dato for ekstraordinær generalforsamling er ikkje satt, men det blir i løpet av juni.

Created by InfoDispatcher

Dagsrevyen 29. april: 28 helseorganisasjonar går no hardt ut mot Norsk Tipping. Dei meiner tippeselskapet urettmessig har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner som skulle gått til helsetiltak.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger