Hopp til innhold

Kronprinsesse Mette Marit: «Morgonen min blei litt meir nervepirrande enn venta»

Kronprinsparet var blant 135 passasjerar som søndag morgon måtte evakuera frå eit SAS-fly i København etter røykutvikling i kabinen. Kronprinsen fleipa det vekk, men kronprinsessa verka stressa, fortel ein av passasjerane.

Video Kronprinsparet evakuert frå fly i Danmark

135 passasjerer, blant dei det norske kronprinsparet måtte evakuera via naudskliene frå eit SAS-fly i København søndag morgon (lesarvideo: Knut Marius Sture).

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit var om bord i SAS-flyet og måtte evakuerast saman med 133 andre passasjerar (arkivfoto).

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

– Eg kan stadfesta at kronprinsen og kronprinsessa var om bord i dette flyet. Dei hadde vore i København for å feira 40-årsdagen til kronprinsesse Mary, seier kommunikasjonssjefen ved Slottet, Sven Gj.Gjeruldsen til NRK.

Kronprinsesse Mette-Marit er kjend for flyskrekken sin. Rundt klokka 09.30 søndag morgon skriv ho om den dramatiske hendinga på Twitter:

«Ok, morgonen min blei litt meir nervepirrande enn forventa..Puh.. #framleisikkjeheiltoverflyfobien», står det i ei Twitter-melding frå kronprinsessa.

Ho har også lagt ut eit bilete av flyet etter evakueringa (under), med naudskliene nede og flyplasstilsette i arbeid på bakken.

– Høyrde eit kraftig smell

Flyet til Oslo skulle opphavleg ta av frå Kastrup flyplass i den danske hovudstaden søndag morgon. Det var i alt 135 passasjerar om bord, og alle blei evakuerte då røykutviklinga starta.

– Det var ei dramatisk oppleving. Eg er framleis litt «shaky», seier Tone Helmersen, som var passasjer om bord på flyet.

Ho fortel om eit kraftig smell i det flyet skulle ta av frå rullebana.

– Kabinen blei fylt med sterk røykelukt. Folk var rolege i starten, men då flyet seinka farten oppstod det litt panikk og kaos inne i flyet. Straumen gjekk jo også, så me hadde ingen kommunikasjon med cockpit eller med flyvertinnene, seier Helmersen.

Fleipete kronprins

Kronprinsen tok det heile med godt humør, legg ho til.

– Haakon smilte og fleipa og snakka med oss. Mette-Marit verka mykje meir stressa, seier Helmersen.

Knut Marius Sture var også om bord på flyet som skulle til Gardermoen søndag morgon. Han registrerte ikkje kaos eller panikk, men synst evakueringa gjekk raskt og greitt.

– Det er merka meg var at veldig mange passasjerar tok med seg handbagasjen ned naudskliene. Dei kom både med trikkesekkar og ryggsekkar og det kan godt ha skapa litt kø og nesten-kaos inne på flyet, trur Sture.

Han fortel også at folk begynte å leita fram handbagasje i hattehyllene, sjølv om kabinpersonalet bad passasjerane om å la denne liggja att i flyet.

Fly evakuert i København

Dette biletet har Kronprinsesse Mette Marit sjølv lagt ut på Twitter-profilen sin etter motorhavariet

Foto: Kronprinsesse Mette Marit / Privat

– Ikkje i fare

Informasjonskonsulent i SAS, Monica Hovland seier at passasjerane ikkje var i reell fare, men at dei likevel valde å evakuera flyet.

– Det har vore røykutvikling i kabinen som følgje av eit motorhavari. kva som har skjedd i motoren er for tidleg å seia. Det skal bli utreda. Me valde å evakuera passasjerane som no vert tekne hand om av vårt personell, og får tilbod om å snakka med kapteinen vår og med psykolog.

Korleis opplevde passasjerane dette?

– Det er så forskjellig. Nokon synst kansje dette var veldig dramatisk, men ingen av passasjerane var i fare, seier Hovland i SAS, som ikkje har kjennskap til korleis kronprinsparet opplevde evakueringa.

– Ikkje spesialbehandling til dei kongelege

I ein ny Twitter-melding rettar kronprinsesse Mette-Marit «ein varm takk til eit flott SAS crew som tok godt vare på alle passasjerar».

Ifølgje med-passasjer Sture gjorde ikkje flypersonalet forskjel på dei kongelege og andre då dramatikken oppstod.

– Dei fekk same behandling som alle oss andre. Dei stod der på rullebana saman med oss og venta på å bli frakta inn til terminalbygget, fortel Sture.

Alle passasjerane hadde i løpet av formiddagen fått plass på andre avgangar, opplyser dansk politi til NTB. Kronprinsparet var venta å landa på Gardermoen i 11-tida.

AKTUELT NÅ