Hopp til innhold

Tilbake på jobb etter langt sjukefråvær

Den kroniske lungesjukdomen har sett kronprinsesse Mette-Marit ut av spel det siste halve året. I kveld var ho tilbake på jobb då ho var med å opne ein tysk-norsk litteraturfestival i Oslo.

Kronprinsesse Mette-Marit og Oslo-ordfører Marianne Borgen

Kronprinsesse Mette-Marit blei møtt av ordførar i Oslo, Marianne Borgen, då kom til den tysk-norske litteraturfestivalen i Oslo fredag. Dette er hennar første offisielle oppdrag aleine etter at ho i oktober fortalde at ho var kronisk sjuk.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

Kronprinsessa gjorde comeback med oppgåver ho set høgt, som frontfigur for den store satsinga på norsk litteratur i utlandet.

I haust er Noreg hovudland under bokmessa i Frankfurt. Denne helga startar satsinga med ein tysk-norsk litteraturfestival i Oslo. Kronprinsesse Mette-Marit var æresgjest under festivalopninga i kveld.

– Eg er veldig glad for at eg har fått vere med å sparke i gang det som leie fram mot bokmessa i Frankfurt i november. Dette er ei god anledning til å bli kjent med tyskspråklege forfattarar også. Eg trur vi kan lære mykje om kvarandre ved å lese kvarandre sin litteratur, sa kronprinsessa til NRK etter opningsarrangementet.

Vil fremme tysk litteratur

Erik Fosnes Hansen

Kunstnarisk leiar for Den tysk-norske litteraturfestivalen, Erik Fosnes Hansen, håper nordmenn kan få auga opp for tyskspråkleg litteratur. Denne helga får forfattarar frå Tyskland, Austerrike og Sveits ekstra merksemd på Litteraturhuset i Oslo.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

I år blir det omsett over 250 norske bøker til tysk, men det er veldig få tyske bøker som blir omsett til norsk. Det håper den tysk-norske litteraturfestivalen det kan bli ei endring på. Kunstnarisk leiar Erik Fosnes Hansen trur det er ei interesse for tysk litteratur i Noreg.

– Går du 30 år tilbake i tid var tyskspråkleg litteratur folkelesing i Noreg med forfattarar som Grass, Böll og Dürrenmatt. Men det er ikkje noko som held seg sjølv ved like, men vi trur at dersom blir folk blir gjort merksame på det, vil vi sjå at interessa er ganske stor.

Det skal vere første gong eit gjesteland til bokmessa i Frankfurt arrangerer ein festival for å fremme tyskspråkleg litteratur. Bokmessa er difor med å arrangere litteraturfestivalen i Oslo denne helga.

Tilbake etter sjukdom

Sidan kronprinsessa 24. oktober i fjor fortalde at ho har fått diagnosen kronisk lungefibrose, har ho hatt få offentlege oppdrag. Ho var blant anna til stades under utdelinga av Nobels fredspris, under alpin-VM i Åre og i Holmenkollen.

Men opninga av den tysk-norske litteraturfestivalen torsdag er det første oppdraget ho har aleine etter at sjukdommen blei kjent.

Når ho no er tilbake er det litteratur ho skal arbeide med.

Om to veker arrangerer ho sitt eigen litteraturfestival – i år har Litteraturtoget blitt Kronprinsessens Bokbane.

Mette-Marit på Litteraturtoget 2018

I 2014 var kronprinsesse Mette-Marit med å starte opp Litteraturtoget som kvart år køyrer rundt fullasta med bøker for å spreie lesegleder blant store og små. I år blir toget bytta ut med t-bane i Oslo og Bærum.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Den 8. og 9. mai skal kronprinsesse Mette-Marit ta t-banen frå Kolsås i Bærum til Stovner i Oslo. Undervegs blir det bibliotekstopp på Bekkestua, Røa, Majorstua, Tøyen, Furuset og Stovner, og møter med spennande norske forfattarar.

– Eg gler meg veldig til å køyre bokbanen frå vest til aust i Oslo for å dele leseglede. Det blir mange spennande forfattarar som skal snakke om litteratur og artistar som skal snakke om tekst.

Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon

Kronprins Haakon kom for å hente kronprinsesse Mette-Marit etter opninga av den tysk-norske litteraturfestivalen fredag kveld.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger