– Ikkje den viktige boka den kunne blitt

– Svært intime og private detaljar utan samfunnsnytte, meiner Aftenposten-redaktør om den nye boka om Wenche Behring Breivik. Forfattar Marit Christensen avviser kritikken mot både innhald og etikk.

Boka om Wenche B. Breivik blir debattert i Dagsrevyen 31.10.2013 med forfattar Marit Christensen og Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle i studio.

Boka om Wenche B. Breivik blir debattert i Dagsrevyen 31.10.2013 med forfattar Marit Christensen og Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle i studio.

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er politisk redaktør i Aftenposten.

Foto: NRK
"Moren"

Torsdag lanserte Aschehoug boka «Moren. Historien om Wenche Behring Breivik» av Marit Christensen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det har storma rundt boka og forfattaren, både før og etter dagens lansering av «Moren. Historien om Wenche Behring Breivik».

– Den er ikkje blitt den viktige boka den kunne blitt. Det kjem fram svært personlege og intime detaljar i boka. Det kunne ha vore berettiga dersom det hadde hjelpt oss med å forstå 22. juli-terroristen sin psyke, men det gjer dei ikkje slik opplysningane er brukt i denne boka, seier Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, i NRK-programmet Dagsnytt 18.

Christensen hevdar derimot at det er gjort eit grundig redigeringsarbeid i forkant av utgjevinga.

– Eg har ikkje valgt å ta opplysningar ut. Eg har faktisk vurdert kva som skulle inn, og ikkje utan å konsultera psykologar, psykiatarar og andre. Slik eg oppfatta det har eg ikkje misbrukt tilliten ho gav meg, seier Christensen til NRK.

Prøvde å stoppa boka

Wenche Behring Breivik døydde etter lengre tids sjukdom i mars i år. Før ho døydde ønska ho å stoppa boka.

Trass i at det var i strid med Wenche Behring Breivik sitt siste ønske har forlaget Aschehoug i samråd med forfattaren likevel valt å gjera boka tilgjengeleg i butikkane.

Trur du Wenche Behring Breivik ville ha likt denne boka sjølv?

– Det veit eg ikkje, men eg synest i alle fall at dette ikkje var noko å skamma seg over, svarar Christensen.

– Eg har gjennom ei etisk vurdering kome fram til at i slike tilfelle er betydinga for samfunnet større enn enkeltmennesket. Eg har aldri vore i tvil om at det var riktig å fullføra boka, sa Christensen på lanseringa torsdag føremiddag.

Forfattaren fastheld at intensjonen med boka heile vegen har vore å svara på spørsmålet ho og mange andre sit igjen med etter 22. juli-rettssaka – korleis kunne dette skje?

– Eg har djup respekt for Wenche som menneske, men eg kunne aldri gløyma at eg hadde eit oppdrag som forfattar, utdjupar forfattaren i Dagsnytt 18 og Dagsrevyen.

Torsdag blei boka til Marit Christensen om mor til terroristen Anders Behring Breivik lansert. Mange kritiserer boka for både innhald og etikk.

Den nye boka om mor til Anders Behring Breivik er skriven av forfattar og tidlegare NRK-korrespondent Marit Christensen.

– Ei viktig bok

Ein som har støtta henne i dette synet er NRK-kommentator Knut Magnus Berge.

– Dette er klart ei viktig bok, ikkje minst fordi det kanskje er det viktigaste vitnet som ikkje vitna under rettssaka. Den teiknar eit tett portrett av den personen som stod Anders Behring Breivik nærast, meiner Berge.

– Boka gir bitar til eit puslespel, som eg aldri trur me kjem til å få fullført, legg han til.

Kagge forlag har fått nei til eit krav om orsaking frå Aschehoug, for det dei meiner er ein «grov faktafeil» i boka: at mora blei overrumpla av forfattar Åsne Seierstad medan ho låg på Radiumshospitalet, og at Seierstad fekk beskjed om å forsvinna frå dødsleiet hennar.

Boka fell heller ikkje i god jord hjå far til Breivik, Jens Breivik. Han seier den er basert på rein fantasi, og at han uriktig blir framstilt som ein tyrann.

Til radiokanalen P4 uttalar Jens Breivik at han undrar seg over at forfattaren aldri tok kontakt med han.

NRK-kommentator Knut Magnus Berge meiner Marit Christensen si bok om mor til 22. juli-terroristen er viktig.

- Den teiknar eit tett portrett av den personen som stod Anders Behring Breivik nærast, meiner NRK-kommentator Knut Magnus Berge om den siste boka til Marit Christensen

SISTE NYTT

Siste meldinger