Kristin Skogen Lund skal leie evalueringa av pensjonsreforma

Konserndirektør Kristin Skogen Lund i Schibsted skal leie eit utval som evaluere pensjonsordninga, nesten ti år etter at reforma blei innført.

Torbjørn Røe Isaksen og Erna Solberg

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og statsminister Erna Solberg (H) presenterte fredag utvalet som skal evaluere pensjonsreforma.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Pensjonsreforma blei sett i verk i 2011, var det den største økonomiske reforma sidan innføringa av Folketrygda blei innført i 1967. Målet var å sikre eit system som skulle sikre framtidige pensjonar.

Då KrF kom inn i regjering i 2019, blei partane einige om å gjere ei ny evaluering av pensjonsreforma. Blant anna for å sjå på utviklinga av den pensjonsalderen og kjøpekrafta.

– Pensjonsreforma er kanskje den viktigaste velferdsreforma i nyare tid. Difor er det avgjerande at vi evaluerer om reforma verkar slik han skal, og vurdere om det er behov for eventuelle justeringar, seier statsminister Erna Solberg (H).

Kristin Skogen Lund

Kristin Skogen Lund er i dag konserndirektør i Schibsted. Ho har tidlegare blant anna vore administrerande direktør i NHO.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Arbeids- og sosialdepartementet har difor sett ned eit utval leia av konsernsjef i Schibsted, Kristin Skogen Lund. Ho har tidlegare vore administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO.

– Ho har mykje erfaring med problemstillingar rundt pensjonsspørsmål. I tillegg kjem ho frå privat sektor, og kan ser problemstillingar frå den kanten, seier Solberg til NRK.

Mindre handlingsrom

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier vi ser at pensjonsreforma fungerer ved at vi har fått ein meir fleksibel overgang mellom pensjon og arbeid, og at reforma bidreg til å bremse utgiftsveksten til Folketrygda.

Men med færre barnefødslar og fleire eldre, må stadig meir av verdiskapinga gå til å finansiere alderspensjon, seier han.

– Handlingsrommet i finanspolitikken dei neste åra blir vesentleg mindre enn vi er vande til. Dersom målet med pensjonsreforma ikkje blir nådd, blir utfordringane større.

Forskingsrådet hadde ansvaret for ei evaluering av reforma undervegs dei første åra. I 2018 konkluderte forskarane med at Noreg har eitt av dei mest utjamnande pensjonssystema i Europa, ifølge forskining.no.

No skal det politisk utnemnde utvalet sjå om det er naudsynt med justeringar av ordninga. Og då er det viktig med breie forlik, seier arbeids- og sosialministeren.

– Eit pensjonssystem skal vere føreseieleg og langsiktig, og det kan ta fleire tiår før endringar får full effekt. Difor er det viktig å legge til rette for breie politiske forlik i pensjonspolitikken, seier han.

Evaluere langsiktige mål

Utvalet skal blant anna evaluere om det er mogleg å nå dei langsiktige måla for reforma, og om det er behov for justeringar som kan sikre at systemet er berekraftig økonomisk og sosialt.

Statsministeren understrekar at dette er ei evaluering av den eksisterande pensjonsreforma, og ikkje eit arbeid med å utarbeide ei ny reform.

– Vi går ikkje inn i dette med eit mål om ei ny stor pensjonsreform. Vi ønsker å sjå om vi er på riktig veg, og om det noko vi må gjere, seier Solberg.

Utvalet skal heller ikkje gå inn på avtalar som er forhandla fram av partane i arbeidslivet.

Medlemmane i utvalet er plukka ut av partia på Stortinget. Partane i arbeidslivet blir involvert ved at det blir etablert eit råd som skal følge og komme med innspel til arbeidet. Ungdomspartia er også inviterte til å kome med innspel, for å sikre at yngre generasjonar er med på å forme ut eit framtidig pensjonssystem.

Utvalet har frist til 1. mars 2022 med å levere utgreiinga.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger