Hopp til innhold

Krise gir kraftig auke i arbeidsrettssaker

Det var i fjor rekordmange arbeidsrettssaker i oljehovudstaden Stavanger, og trenden held fram i år. Årsaka er nedbemanningar i mange verksemder på grunn av krisa i oljeindustrien.

ekofisk

Krisa i oljeindustrien gir rekordmange arbeidsrettssaker i tingretten i Stavanger.

Foto: Industri Energi

Det vart fremja 138 slike saker i Stavanger i fjor, og det var over tre gonger fleire enn for fem år sidan.

Striden mellom arbeidstakarar og arbeidsgjevar går i hovudsak på kva kriterium som skal leggjast til grunn for kven som må gå frå ei verksemd, ansiennitet eller andre årsaker. Det står i avtaleverket at ansiennitet skal leggjast til grunn, men at det kan fråvikast om det er sakleg grunn for det.

– Treng sterkare vern

Harald Hageland

Harald Hageland i Industri Energi etterlyser eit sterkare vern for dei som har jobba lenge i ei verksemd.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Forbundssekretær Harald Hageland i LO-forbundet Industri Energi meiner at avtaleverket burde gi dei som har arbeidd lenge, eit sterkare vern.

– Eg trur det er rett å seie at avtalen kunne ha vore tydelegare på at ansiennitet skal vere det viktigaste kriteriet ved nedbemanning. Det blir sagt at ansienniteten kan fråvikast når det er sakleg grunn, og omgrepet «sakleg grunn» viser seg å vere ganske tøyeleg. Det er mange arbeidsgjevarar som prøver å leggje vekt på andre forhold enn ansiennitet, seier Hageland til NRK.

Nina Melsom, direktør for arbeidsrett i NHO, seier at det i slike saker alltid vere rom for skjønn, og ho meiner at slik skal det vere. Ho legg ikkje skjul på at det ofte er usemje om kven som skal gå, når staben skal slankast.

– Tøffe prioriteringar

– Det skal leggjast vekt på ansiennitet, og det er inntrykket mitt at verksemdene har stor forståing for situasjonen til dei tilsette. Men det må gjennomførast tøffe prioriteringar. Nettopp i ein slik situasjon må bedriftene behalde nøkkelpersonell og dei som har kompetanse for framtida, seier ho.

Nina Melsom

Nina Melsom er direktør for arbeidsrett i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO).

Foto: Bjarne Sørhus / NHO

Melsom seier at verksemdene må tenkje på den vidare drifta og sikring av arbeidsplassane som blir igjen etter ein nedbemanningsprosess. Ho ser ikkje på utviklinga som eit bevis for at arbeidslivet har vorte tøffare, og viser til ein auke i slike saker i andre periodar med problem i norsk økonomi.

Harald Hageland møter mange fortvila fagforeiningsmedlemer som har fått den tunge beskjeden om at dei er overtalige.

– Blir ståande åleine

– Dei kan bli sette på som «a pain in the ass» i verksemda, og det i seg sjølv er tungt menneskeleg, og det er tungt i arbeidsmiljøet. Dei blir ofte ståande åleine i arbeidslivet, og det kan skape problem for dei seinare, også om dei vinn saka. Vi skal hugse at i mange av sakene om nedbemanning så er det ikkje vinnarar eller taparar, seier han.

Dei fleste sakene som vart behandla i tingretten i Stavanger i fjor, enda med forlik mellom partane.

– Feil å bruke «krise» om nedgangstider

AKTUELT NÅ