Hopp til innhold

Kripos vil etterforske drapet på norsk IS-gissel

Kripos vil etterforske drapet på Ole Johan Grimsgaard-Ofstad, som vart drepen av terrorgruppa IS i Syria.

Fra Dagsrevyen.

VIDEO: Vil samle bevis til framtidig rettssak.

Politiadvokat Espen Hanken i Kripos seier til NRK at dei vil ta dei etterforskingsstega som er naudsynte, å sikre bevis, slik at det skal vere mogleg å stille nokon til straffeansvar i framtida. Han seier det er altfor tidleg å seie noko om kva etterforskinga vil kunne føre til.

Hanken vil ikkje kommentere spørsmålet om det er realistisk at nokon ein gong i framtida skal stillast til ansvar for drapet.

Teken til fange i januar

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad (48) vart drepen av IS, etter å ha vore halden som gissel sidan januar i år.

Foto: Privat

Det var i går at IS-magasinet Dabiq melde at nordmannen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad (48), som vart teken som gissel av IS i Syria i januar i år, var drepen saman med ein kinesisk statsborgar. Det er uklart om dei to resten saman til Syria.

Det har kome fram at Grimsgaard-Ofstad vart sterkt mishandla av gisseltakarane ved fleire høve. IS sende bilete og video av mishandlinga til norsk UD, med krav om ein stor sum i løysepengar. Norske styresmakter har gjort det klart at det er eit norsk prinsipp å ikkje betale løysepengar.

Det er uklart når Grimsgaard-Ofstad vart drepen, men artikkelen i Dabiq inneheldt bilete som skal vise at dei to gislane var døde.

Takka norske styresmakter

Foreldra og systera til Ole Johan Grimsgaard-Ofstad takka i går norske styresmakter for det dei har gjort for å prøve å få han sett fri, sjølv om dei ikkje lukkast. I ei fråsegn sa dei blant anna at dei i dei månadene Ole Johan var gissel hos IS i Syria, har dei veksla mellom håp og fortviling .

Kina: – Den islamske staten er en fiende av menneskeheten

AKTUELT NÅ