NRK Meny
Normal

Krigsforbrytar arrestert i Noreg

Ein tidlegare serbisk-kroatisk militssoldat er arrestert i Oslo, mistenkt for å ha delteke i drapa på 200 kroatiske krigsfangar.

Denne massegrava vart oppdaga i Ovcara nær Vukovar.
Foto: JUTARNJI LIST / AP

Det er kjelder i aktoratet ved krigsforbrytardomstolen for Serbia i Haag som opplyser dette til nyheitsbyrået AP.

Politiadvokat Espen Skjerven i Kripos stadfestar overfor NRK arrestasjonen.

Damir Sireta vart arrestert etter at det var utferda ein internasjonal arrestordre på han. Han er kroatisk statsborger.

Han er mistenkt for å delteke i avrettinga av 200 krigsfangar på garden Ovcara nær den austlege byen Vukovar i Kroatia. 

Han er varetektsfengsla i Oslo, og Kroatia har bede om å få mannen utlevert. Han er tidlegare dømd til 12 års fengsel for drap in absentia i ein kroatisk domstol.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger