Hopp til innhold

KrFs generalsekretær sluttar

Hilde Frafjord Johnson fortset ikkje som generalsekretær i Kristeleg Folkeparti under den nye partileiaren, Kjell Ingolf Ropstad.

Hilde Frafjord Johnson under Krfs landsmøte 2018.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Frafjord Johnson har hatt vervet som generalsekretær sidan mars 2016, men vel no å slutte.

Gjennom debatten om KrFs vegval var ho heile tida klar på at ho støtta tidlegare partileiar Knut Arild Hareide, og at ho ikkje ynskja å gå inn i den noverande regjeringa.

Det heile enda som kjent med at KrF valde regjeringa, og Hareide gjekk av som partileiar.

– Ein generalsekretær skal ikkje berre vere partiets administrative leiar, men og ein viktig medspelar og forsvarar av den strategiske kursen ein partileiar vel, seier Hilde Frafjord Johnson i ein pressemelding.

– Ein heilt naturleg konsekvens

Den avtroppande generalsekretæren meiner avgjerda om å trekkje seg naturleg, ettersom KrF gjekk ein annan retning enn ho sjølv ville.

– Eg bad derfor denne veka partileiinga om avløysing. Det er det ingen dramatikk i, men ein helt naturleg konsekvens av det som har skjedd i partiet, skriv ho.

– Eg vil takke Knut Arild Hareide for den tilliten han viste meg og for et godt og nært samarbeid gjennom mange år. Takk også til Kjell Ingolf Ropstad for ryddig og ordentleg handtering. Eg ynskjer ham lykke til som ny partileiar i KrF, seier Hilde Frafjord Johnson.

Blir hylla av Hareide

Etter at avgjerda vart gjord kjen, hylla Hareide Frafjord Johnson i eit Facebook-innlegg.

– Du er ein av dei største vi har i KrF. Du har tent partiet i viktige posisjonar i ei årrekkje, mellom anna som stortingsrepresentant og heile Noregs utviklingsminister, skriv han.

Hareide skriv at norsk politikk treng Frafjord Johnsen, og at han håper ho vil fortsette det politiske arbeidet sitt, om enn i ei anna rolle.

– Har handtert mange krevjande saker

Krf-leiar Kjell Ingolf Ropstad takkar og roser Frafjord Johnson for innsatsen ho har gjort for partiet.

– Eg vil takke Hilde for det viktige arbeidet ho har gjort i KrF. Ho har handtert mange krevjande saker i si tid som generalsekretær. Eg vil ynskje henne lykke til vidare, og no skal vi så snart som mogleg få på plass ein ny generalsekretær, seier partileiar Kjell Ingolf Ropstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger