Parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun, sa i Politisk kvarter på NRK P2 i dag tidleg at Arbeidarpartiet no ser ut til å vere det einaste opposisjonspartiet som ynskjer å satse på ei asnvarleg økonomisk ramme.
Jon Lilletun er parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti.
- Eg håpar at Arbeidarpartiet tenkjer på folk og bedrifter sin økonomi og på norske arbeidsplassar i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, istadenfor å markere seg sjølv framfor valet til hausten, seier Lilletun.
Lilletun er takknemleg overfor Framstsegspartiet for at partiet støtta regjeringa då statsbudsjettet vart lagt fram for Stortinget i fjor haust, men han er skuffa over at partiet ikkje står fast på dei same rammene.
Den parlamentariske leiaren i KrF seier at regjeringa vil be om støtte frå Framstegspartiet i arbeidet med revidert nasjonalbudsjett i juni, men at dei politiske signala frå landsmøtet i Tønsberg sist helg ikkje tyder på at dei vil støtte ein stram budsjettpolitikk.
Lilletun er ikkje i tvil om at det blir vanskelege forhandlingar før det reviderte budsjettet er losa gjennom i Stortinget.
- Dette kjem til å bli vanskeleg, men vi skal klare det. Vi er ved friskt mot, seier han.