Frå duell til flørt mellom KrF og Ap

Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti skuldar kvarandre for å ha stivna i sine dogme. Likevel har eit samarbeid mellom dei to aldri vore nærare.

VALG 2005

Arbeiderpartiet og Kristeleg Folkeparti har stått mykje med ryggen til kvarandre opp gjennom historia. Her er Jens Stoltenberg og Kjell Magne Bondevik etter ein partileiardebatt i forkant av Stortingsvalet i 2005.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Eg har aldri oppfatta Arbeiderpartiet som ein fiende, men det er riktig at me har vore i duellar. Ap har provosert KrF ein god del opp gjennom historia, seier tidlegare KrF-leiar og statsminister Kjell Magne Bondevik.

Strategiutvalet i KrF opna nyleg opp for at partiet kan gå i regjeringssamarbeid med Ap. I programmet Søndagsavisa på P2 i dag, snakkar stortingsrepresentant for Ap, Martin Kolberg, og Bondevik ut om kva som er skilnadene og likskapane mellom dei to partia.

– Var ganske kristendomsfiendtleg

Bondevik nemner kristendomsundervisninga sin plass i skulen, abortspørsmålet og familiepolitikk som døme på saker som der KrF og Ap har stått steilt mot kvarandre.

Kolberg vedgår at Ap ikkje alltid har vore like ope for ei kristeleg tilnærming til politiske spørsmål.

– I tidleg historie var Arbeiderpartiet (Ap) ganske kristendomsfiendtleg. Men i nyare tid har partiet vist veldig riktig romslegheit for kristendommen sin plass idet norske samfunnet, seier stortingsrepresentant Martin Kolberg (Ap).

Står støtt i sentrum

Det mørkeblå samarbeidsalternativet som har forma seg på høgresida i norsk politikk, er ei av årsakene til at KrF no strekkjer ut handa til Ap.

Slik Kolberg ser det, har ikkje KrF anna val enn å vende seg mot venstresida.

– Høgresida er blåare enn nokongong. På grunn av sine grunnleggande verdiar,

Martin Kolberg

Stortingsrepresentant Martin Kolberg (Ap).

nestekjærleik og omsorg for svake samfunnsgrupper, må kristenpolitikken liggje til venstre i det politiske landskapet. Det er nettopp dette som har gjeve samarbeidsgrunnlag mellom oss to, semje kring velferdsstaten og den sosiale utviklinga i samfunnet, meiner Kolberg.

Bondevik innrømmer at det ikkje berre har vore provokasjon og duellar mellom dei to partia.

Han minnast ein god samarbeidstone i sosiale og økonomiske spørsmål gjennom ei rekkje budsjettforlik i Stortinget. Likevel avviser han tanken om at KrF må omplassera seg på den politiske høgre-venstre aksen.

– KrF er og har alltid vore eit kristendemokratisk sentrumsparti. Det er opna for at at ein prinsipielt kan samarbeida med parti både til høgre og venstre for seg på spekteret. Men Ytterpartia Frp og SV er utelukka, seier han.

Solidaritet og nestekjærleik

Bondevik gjev Kolberg rett i at Ap sin solidaritetstanke ligg tett opp til KrF sin nestekjærleikstanke.

– Begge desse verdigrunnlaga ender ofte opp i ein omsorg for dei svakare stilte nasjonalt og internasjonalt. Der har me treft kvarandre og saman bore fram sosiale reformar i Noreg, og bistand internasjonalt. Der ligg det ei spire til noko, seier den tidlegare statsministeren som no er leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettigheter.

Han påpeiker likevel at det er ein viktig forskjel mellom nestekjærleiks- og solidaritetsomgrepet.

– Nestekjærleikstanken er meir individorientert. Ein skal elska sin neste som seg sjølv. Solidaritetstanken har bakgrunn i den gamle klassekampen og er difor meir gruppeorientert og kollektivistisk. Difor har me kome litt ulikt ut i ein del spørsmål.

– KrF har provosert oss

Bondevik nemner menneskeverd, bioteknologi og abort som døme på spørsmål der KrF og Ap har ulikt grunnsyn. Kolberg stiller seg uforståande til at dette skal vera til hinder for samarbeid.

– Ekteskapslova og styrking av dei homofile sin plass i samfunnet er nestekjærleik på sitt beste etter mitt skjønn. Her er det ikkje me som har provosert. Krf har provosert, ikkje berre oss, men heile den soiologiske og kulturelle utviklinga i det norske samfunnet generelt.

– Dogmatisk

Kjell Magne Bondevik

Tidlegare statsminister og partileiar i KrF, Kjell Magne Bondevik.

Foto: Osamu Honda / Scanpix/AP

At sentrum i norsk politikk skrumpar inn, har fleire meiningsmålingar vist den siste tida. Seinast i ei måling i Dagens Næringsliv, sank KrF med 0,8 prosentpoeng til berre 4,2 prosent oppslutning og ligg dermed såvidt over sperregrensa.

Kolberg meiner KrF har seg sjølv å takke for den låge oppslutninga, fordi dei ikkje har fulgt med i den kulturelle utviklinga.

– I KrF har tru på sett og vis vorte dogmatikk. Det trur eg dei må betale ein ganske høg pris for, seier Kolberg og får umiddelbar respons frå sin meddebattant.

Ikkje samarbeid utan endring

– Alle parti må følgje med i utviklinga og forandra seg litt, men det finst nokre verdiar som ein ikkje skal fira på. Verkemiddel for å realisera dei kan derimot måtte forandrast i takt med samfunnstida.

Bondevik avviser Kolberg sitt utspel om at KrF har stivna i ei dogmatisk tru, og rettar hard skyts tilbake.

–Det har vore ein levande og spanande debatt i partiet. Men KrF bør vera litt meir avslappa med tanke på kven ein er villig til å samarbeida med. Eg har aldri hatt noko prinsipielt imot å samarbeida med Ap, men då må også dei koma oss i møte og tilpassa seg - ikkje stivna i sine dogme.

Kunne du tenkje deg å sjå KrF i regjeringsblokka, Kolberg?

- Eit slikt scenario trur eg er eit stykke unna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger