KrF-landsstyre avviste utsetjing av regjeringsforhandlingar

Landsstyret i Kristeleg Folkeparti har i kveld avvist eit forslag om å vente med regjeringsforhandlingane med Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad fekk landsstyret i KrF med seg på å halde fram forhandlingane med regjeringspartia.

Foto: NRK skjermdump

Forslaget om å utsetje forhandlingane vart fremja av fylkespartiet i Akershus.

Fylkesleiar Arne Willy Dahl i Akershus KrF stadfestar dette overfor NTB. Han seier at det var snakk om eit telefonmøte. Det var ikkje røysta over forslaget, men det var fleire fylkesleiarar som støtta forslaget om utsetjing.

Kravde landsstyremøte

Arne Willy Dahl

Fylkesleiar for KrF i Akershus, Arne Willy Dahl, fremja forslag om å utsetje regjeringsforhandlingane.

Det var sentralstyremedlem Karin Bjørkhaug som tidlegare i dag kravde eit ekstraordinært landsstyremøte etter eit oppslag i VG i dag om spelet om makt som har fått føre seg i partiet denne hausten. Dei to nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad hadde møte med statsminister Erna Solberg og resten av Høgre leiinga 11. oktober. Dei diskuterte blant anna abortspørsmålet.

Karin Bjørkhaug seier til NRK i kveld at ho var til stades på landsstyremøtet i kveld i rundt ein time.

– Det var ei grei intern drøfting på bakgrunn av oppslaget i VG. Abortsaka var ein del av det, seier ho.

Ho stadfestar at Ropstad forklarte seg om prosessen i abortsaka, utan at ho vil gå nærmare inn på det.

– Fokus på politikken

Karin Bjørkhaug (Krf)

Karin Bjørkhaug fortel at landsstyret hadde ei grei drøfting av situasjonen i partiet.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

– Det var ein grei runde på det. Det er viktig at vi fokuserer på politikken, men samstundes må vi erkjenne at dette er tungt for partiet. Vi er ikkje i mål enno, men eg opplever ein sterk vilje til å finne ut av dette og kome vidare, seier ho.

Bjørkhaug seier at alle er samde om dei no skal gå vidare med å samle partiet.

– Vi må ta innover oss at vi har ein jobb å gjere når det gjeld samarbeid, og at vi er eit veldig breitt parti med ulikt syn på ein del spørsmål, seier Karin Bjørkhaug til NRK.

KrF-Bekkevold: – Vi tåler ikke flere avsløringer nå

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad vil ikkje kommentere meldinga om det ekstraordinære landsstyremøtet til NTB i kveld.

Rekk ikkje budsjett-fristen

Samstundes held budsjettforhandlingane fram på Stortinget. Det var eigentleg sett ein frist til klokka 10 tysdag for å bli samde om statsbudsjettet for neste år, men partia er samde om å halde fram på overtid.

Høgres finanspolitiske talsmann og leiar i finanskomiteen på Stortinget, Henrik Asheim, seier til NTB at det står att fleire enkeltsaker.

– Vi har kome KrF i møte på mykje, men vi treng å ta i bruk tysdag og moglegvis også onsdag, seier han.

– Heilskapleg forslag

Han fortel at regjeringspartia presenterte eit heilskapleg forslag til KrF, men at det etter 45 minutt vart klart for alle at det var betre å møtest på nytt tysdag enn å halde fram utover natta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger