Hopp til innhold

KrF-Dagrun: – Det er uaktuelt å bryte samarbeidet med Frp

Frustrasjonen mot regjeringa og Framstegspartiet er stor i KrF, stadfestar Dagrun Eriksen. Men å bryte samarbeidet er heilt uaktuelt å diskutere no, ifølgje nestleiaren.

Dagrun Eriksen om Frp-KrF samarbeid

FRUSTRERT: KrF-nestleiar Dagrun Eriksen seier frustrasjonen mot Frp er stor, men avviser at det er aktuelt å bryte samarbeidet.

Kor ille er det eigentleg for KrF å vere støtteparti for Frp? Dette spørsmålet fekk Dagrun Eriksen i Politisk Kvarter i dag.

– Det er ingen tvil om at saka om asylbarna har skapt stor frustrasjon, seier Eriksen.

I går skreiv Aftenposten om kor misfornøgde fleire av fylkesleiarane i KrF er med Frp-samarbeidet, og særleg med justisministeren si handtering av den betente asylbarnsaka.

Føler seg lurt

Eriksen er bekymra for klimaet som har oppstått, og seier partileiinga må ta dette på alvor.

– Det er ganske alvorleg når våre fylkesleiarar går ut på denne måten, og det er noko vi i leiinga må ta på alvor, men det er også noko regjeringa må ta på alvor, svarar Eriksen.

– Har KrF blitt lurt?

– Ja. Det er i alle fall noko som ikkje stemmer når ein ser at så mange asylbarn har blitt sendt ut, og at kriminelle ikkje blir prioritert på same måte.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Hans Olav Syversen (KrF) og statsminister Erna Solberg (H) i konfrontasjon om asylbarna

KONFRONTASJON: Onsdag 14. januar blei det ampert mellom stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF) og statsminister Erna Solberg (H) i Vandrehallen i Stortinget.

Foto: Simon Solheim / NRK

Amper stemning

Under spørretimen i Stortinget onsdag 14. januar blei det amper stemning mellom statsminister Erna Solberg (H) og stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF).

– Eg må sei at begeret er ganske fullt akkurat no, sa Syversen til pressa, etter at han grilla statsministeren om asylbarnsaka.

– Eg kan ikkje unnlate å sei at saka har gjort forholdet mellom regjeringa og KrF og Venstre vanskeleg, sa Syversen.

Dagrun Eriksen seier:

– Det var ein ekte respons på ei fortviling. Det er mange i partiet som er like frustrert som Syversen.

Uaktuelt å bryte samarbeidet

Fleire fylkesleiarar i KrF meiner partiet no må diskutere å bryte samarbeidet med regjeringa, ifølgje artikkelen til Aftenposten. Dei har snakka med samtlege fylkesleiarar i KrF. Til helga har partiet landsstyremøte, men Dagrun Eriksen avviser i Politisk Kvarter at det er aktuelt å skilje lag med regjeringa.

– Bør KrF framleis vere støtteparti?

– Det står ikkje på dagsorden å avslutte samarbeidet no. Ein stor samarbeidsdiskusjon legg vi ikkje opp til, svarar Eriksen.

– Er dette eit spel for å auke innverknaden til KrF?

– Vi skal vere eit konstruktivt opposisjonsparti. Det handlar om å gi beskjed når vi ikkje er samde med regjeringa. Vi må tåle både nederlag og sigrar. I asylbarnsaka, der vi har ein avtale med regjeringa, er begeret fult. Vi opplever at avtalen blir trenert.

– Vi kjem til å gi beskjed også i framtida, seier Eriksen.

AKTUELT NÅ