Hopp til innhold

KrF-avgifter på godteri, drivstoff og alkohol kan skape trøbbel for Erna

I KrF sitt alternative statsbudsjett legg partiet opp til auka avgifter på brus, godteri, bil, drivstoff og alkohol. – Ikkje akkurat eit lokkemiddel, seier Frp.

KrF legger fram alternativt budsjett 2018.

ALTERNATIV: Krf-leiar Knut Arild Hareide presenterte torsdag partiet sitt forslag til statsbudsjett for 2018.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

I dag presenterte Kristeleg Folkeparti sitt alternative forslag til statsbudsjett for 2018, rundt ein månad etter at Høgre og Frp la fram regjeringspartia sitt forslag.

Ikkje uventa går KrF inn for ei satsing på barnefamiliane, med forslag om to milliardar ekstra blant anna til kontantstøtte, trygd, skule og barnehage.

Det vert også set av ein milliard til blant anna utbygging av breiband og politistillingar i distrikta, samt tilskot til frivillig arbeid. Saman med satsing på lærarar, klima og kamp mot av global fattigdom, er dette nokre at hovudprioriteringane til partiet.

KrF sitt budsjettforslag inneheld alt frå store postar, som ei norm for lærartettleik i skulen til rundt 800 millionar i året, til mindre postar som for eksempel å sikre ei landslinje for ni elevar innan jazzmusikk i Molde.

Hentar frå godteri, alkohol og drivstoff

KrF vil hente inn pengane gjennom å fjerne regjeringa sitt avgiftsfritak på netthandel frå utlandet, setje ned taxfreekvoten, samt auke avgiftene på alkohol, tobakk, brus og godteri, bil og drivstoff.

Priskrig på smågodt

GODT FORSLAG? KrF foreslår å auke momsen på brus og godteri med 1,9 milliardar.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Vi må prioritere dei miljøvennlege køyretøya. Så kjem vi med fagleg anbefalte avgifter på helseområdet. Spesielt mange unge slit med helsa og vi vil gjere det enklare å ta sunne val, seier Hareide.

Dermed kan det bli strid mellom KrF og regjeringspartia. Skal Erna Solberg bli sitjande som statsminister er ho avhengig av å bli einig om eit budsjett med dei fire partia på borgarleg side.

– Vil du få Frp, partiet mot skattar og avgifter, med på så mange auka inntektskjelder til staten?

– Vi lyttar til fagfolka og tek modige val. Vi har store klima- og helseutfordringar, derfor ynskjer vi å bidra til det beste for den enkelte og heile samfunnet.

– Ikkje berre å auke inntektene til staten

Helge Andre Njåstad, finanspolitisk talsperson i Frp sa i Politisk kvarter på P2 i dag at dei er villige til å diskutere alt, men åtvara samtidig mot auka avgifter.

Helge Andre Njåstad

POLITIKK PÅ SNOP: Finanspolitisk talsmann i Frp, Helge André Njåstad, er open for å diskutere politikk på sukker og snop med KrF.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Men alle veit at auka avgifter ikkje er det beste lokkemiddelet for å få med Frp. Når det gjeld bil er det viktig for oss å gjere det så billig for folk i distrikta, for å bytte ut bilparken med nyare bilar.

Han ber KrF kutte på sine område, heller enn å berre auke inntektene til staten.

Talar regjeringa imot

Partiet vil i tillegg seie nei til regjeringa sitt forslag om kutt i dagpengeordninga og pressestøtta.

KrF beheld regjeringa sine kutt i formuesskatt og selskapsskatt, men vil auke personskatten med 1,6 milliardar for folk flest. Hareide kallar dette ei utjamning.

– Vi har reduser skattane med over 20 milliardar for personar og selskap.Så å justere på nokre område er berre ei utjamning, seier Hareide.

KrF legger fram alternativt budsjett 2018.

SATSAR: KrF sitt budsjett fokuserer på valfridom for familiane, innsats i skulen og menneskeverd, ifølgje nestleiar og finanspolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (t.v.) og partileiar Knut Arild Hareide (t.h.).

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Tesla-avgift

Noko uventa støttar også KrF regjeringa sitt forslag om ein vektbasert avgift på dei største og dyraste elbilane, deriblant Teslaen, på opp mot 70.000 kroner.

KrF uttalte at forslaget var eit løftebrot, men går likevel inn for avgifta i sitt forslag til statsbudsjett.

Totalt flyttar til saman KrF på 15–20 milliardar kroner i sitt budsjettforslag.

AKTUELT NÅ