Hopp til innhold

KrF-arar vil fjerne heile fedrekvoten

KrF-politikar Marie Ljones Brekke og mannen har fordelt foreldrepermisjonen ulikt alle tre gongane dei fekk barn. No vil ho pappakvoten til livs.

Marie Ljones Brekke med sonen Elias

KrF-politikar Marie Ljones Brekke med yngstesonen Elias.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Tida er mogen for å gi foreldre total råderett over eigen foreldrepermisjon, seier Marie Ljones Brekke.

Trebarnsmora er 1. stortingsvara frå Rogland KrF og 3.-kandidat på KrF Stavangers liste framfor kommunevalet til hausten. Og vil kvitte seg med heile pappakvoten.

– Vi blei tvungne til å gjere det slik staten la opp til. Somme situasjonar gjer at eg skulle ønskje at mor kunne ha teke meir, seier Brekke.

Pappakvoten er den delen av foreldrepengeperioden som berre kan bli tatt ut av faren, og som fell bort dersom den ikkje blir tatt ut av faren. Fedrekvoten blei innført i 1993, og har blitt endra ei rekkje gongar. I 2018 blei den utvida til 15 veker.

Men no ynskjer altså fleire i KrF å kvitte seg med heile pappakvoten.

Jonas Andersen Sayed

Jonas Andersen Sayed er leiar i Rogaland KrFU og motstandar av pappakvoten.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Jonas Andersen Sayed, leiar for KrFU Rogaland og ordførarkandidat i Sokndal kommune, stemmer i:

– Dagens ordning er eit uttrykk for ein feilslått familiepolitikk der likestillingsomsyn totalt køyrer over valfridomen, seier Sayed.

Rogaland KrF står bak det mest radikale forslaget om pappaperm som KrFs landsmøte skal ta stilling til laurdag ettermiddag:

Å fjerne heile pappakvoten.

Her er dei tre andre alternativa landsmøtet skal ta stilling til:

  • Fjerne heile pappakvoten – men på sikt.
  • Reservere ti veker til mor og ti veker til far. Resten til fri fordeling foreldra mellom.
  • Utvide foreldrepermisjonen med fire veker til 53 veker ved 100 prosent løn, og med fem veker til 64 veker ved 80 prosent løn. Auken blir i den felles delen, mens pappakvoten blir verande på høvesvis 14 og 19 veker.

Går lenger enn Høgre

Venstre har vunne fram i regjeringa med at foreldrepermisjonen skal bli tredelt, noko som har skapt eit permisjonsopprør i folket.

Nyleg vedtok Høgres landsmøte å fjerne pappakvoten på sikt. Sayed og Brekke har ingen problem med det faktum at deira forslag går lenger enn det.

– Det er heilt greitt at KrF legg opp til meir valfridom for familiane enn det Høgre gjer, seier Brekke.

Ho vedgår at det har vore fornuftig og nødvendig med pappaperm fram til no.

– Men no er det er på tide å gi forelda høve til å styre sin eigen kvardag, seier ho.

Vil bestemme sjølv

Sjølv har Brekke tre barn, og med kvart barn har ho og mannen fordelt permisjonen ulikt mellom seg.

Med første barnet tok ho så mykje permisjon som mogleg. Fordi ho var førstegongsmor og av andre omsyn, skulle ho ønske ho kunne ha teke ut heile permisjonen, og ikkje var nøydd til å gi 14 av vekene til far.

Med andre barnet delte dei permisjonen likt mellom seg.

Med tredje barnet tek mannen ut mesteparten av permisjonstida, då Brekke gjekk raskt ut att i jobb.

– Eg trur mange har det slik at timing og ulike faktorar gjer at ein ønskjer å velje ulikt, kanskje særleg førstegongsfødande. Det er det viktig at ein får høve til, og at ikkje politikarar styrer for mykje, seier Brekke.

Ho understrekar at fars rolle er svært viktig.

– Men eg har ikkje tru på at staten best kan finne ut korleis relasjonen mellom far og barn blir best mogleg. Eg har tru på at familien finn det ut best sjølv – om det er snakk om nokre veker, eller kanskje i ferien.

Brekke ønskjer å fjerne pappakvoten snarast, men vedgår at det vil vere ei gradvis avvikling av pappakvoten.

– Det er på tide å redusere og i alle fall ikkje utvide han, slik regjeringa no legg opp til.

Meiner Noreg ikkje er klar for å fjerne pappakvoten

Men det er stor usemje i KrF om pappapermen.

Ingelin Noresjø

Ingelin Noresjø i Nordland KrF meiner at Noreg ikkje er klar til å fjerne pappakvoten.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ingelin Noresjø, fylkesleiar i Nordland KrF og innstilt som ny 2. nestleiar i partiet, står for alternativ fire i permisjonsdebatten – å utvide heile permisjonen og halde på pappakvoten slik ho er i dag.

Ho meiner Noreg ikkje er klar til å fjerne retten fedrar har til ein eiga permisjonstid med barna sine.

– Dersom vi tek retten til pappaperm bort, er eg redd for at ein i ein del yrke ikkje vil klare i det heile å ta ut pappapermisjon, fordi ein vil prioritere jobben, seier Noresjø.

Folkeaksjon mot tredeling

Facebooksida «Permisjonen burde foreldre fordele» har over 32.000 medlemar, og nesten like mange har signert eit opprør mot tredelinga av permisjonen.

Men vil dei halde på pappakvoten?

Nina Mikkelson, ein av administratorane i Facebookgruppa, seier til NRK at det er svært ulike meiningar i gruppa om fars og mors delar og kvotar.

– Men alle er samde om at løysninga no er alt for rigid. Utvida permisjon vil vere positivt for barnet og er sjølvsagt ønskeleg. Dette bør skje no og ikkje på sikt da dette har alvorlege konsekvensar i dag for mange barn og barnefamiliar, understrekar Mikkelson.

AKTUELT NÅ