Hopp til innhold

Krev svar om livstrugande cellegift-overdosar

«Tragisk og alvorleg» er Kreftforeininga si vurdering av feilmedisineringa som kunne ha teke livet av to kreftpasientar i tenåra. Legemiddelverket har aldri høyrt om denne typen feilgrep før.

– Dette er ei svært alvorleg og tragisk sak for alle involverte, seier pressesjefen i kreftforeininga Erik Vigander om cellegift-overdosane ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg.

Kreftforeininga krev svar på korleis dette kunne skje, men minnar om at slik alvorleg feilmedisinering sjeldan skjer i Noreg.

To tenåringar fekk torsdag ein livstrugande overdose med cellegift ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN).

Begge er utanfor livsfare etter å ha fått motgift som måtte fraktast med fly frå sentrallageret i Oslo til sjukehuset i Tromsø.

– Dette er ei svært alvorleg og tragisk sak for alle involverte. Det skal ikkje skje, seier pressesjefen i Kreftforeininga Erik Vigander til NRK.

Vil ha svar

Methotrexat

Pasientane skulle fått 12 milligram av preparatet Methotrexat, men enda opp med heile 240 milligram.

Foto: Gunnar Grindstein
Universitetssykehuset Nord-Norge Tromsø

Sjukehusapoteket Nord beklagar på det sterkaste at dei leverte sprøyter med dødeleg dosering cellegift til to kreftpasientar ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg i Tromsø.

Foto: NRK

Dei to tenåringane var ifølgje VG inne på sjukehuset for å bli behandla for leukemi. Dosen dei fekk med preparatet Methotrexat var heile 20 gonger høgare enn den dei skulle hatt.

For høge dosar cellegift gjer at medisinen angrip dei normale cellene. Ettersom tenåringane fekk medisinen i ryggen, var det først og framst sentralnervesystemet som stod i fare, ifølgje NTB.

No vil Kreftforeininga ha svar på korleis ei så alvorleg feilmedisinering kunne skje.

– Her har det tydelegvis skjedd ein svikt i desse systema . Når slike ting skjer må ein finna ut kva som har gått gale, kvifor og så prøva å hindra at det skjer igjen, seier Vigander.

Det var sjukehusapoteket som hadde fylt sprøytene med langt høgare konsentrasjon av kreftmedisinen enn det dei hadde fått beskjed om.

– Me er utruleg leie oss og orsakar på det sterkaste til dei pasientane det gjeld. Me skulle gjerne ha vore utan dette, og gjer alt me kan for at det aldri skal skje igjen, seier leiaren for sjukehusapoteket i Tromsø Camilla Bjørnstad til NRK.

To tenåringar fekk cellegift-overdose ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg torsdag 18.september. Det var sjukehusapoteket som gjorde feil og blanda altfor sterke dosar.

To tenåringar fekk cellegift-overdose ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg torsdag 18. september. Dosen blei blanda feil i laboratoriet bak denne døra på sjukehusapoteket i Tromsø.

– Aldri høyrt om før

Avdelingsoverlege Steinar Madsen i Statens legemiddelverk

– Feildosering av injeksjonsvæske har eg aldri høyrt om før, seier medisinsk fagdirektør ved Legemiddelverket.

Foto: ARKIVFOTO: NRK

Både sjukehuset og sjukehusapoteket har rapportert hendinga til Helsetilsynet. Laurdag sende UNN ut ei pressemelding om det alvorlege uhellet.

– Dei dosane som er gitt er langt over dødeleg dose. Det var ein katastrofesituasjon. Me hadde full alarm og sette i gang tiltak med det same, fortel fagansvarleg for barnekreft ved UNN, overlege Tora Stokland til NRK.

Å rekna feil når ein skal dosera medisinar skjer ganske hyppig i det norske helsevesenet, opplyser Legemiddelverket til NRK.

Så alvorlege feilmedisineringar som i dette tilfellet er likevel sjeldne. Denne saka er dessutan spesiell fordi det dreier seg om sprøyter.

– Feildosering av injeksjonsvæske har eg aldri høyrt om før. Det me veit er at me har nokre feildoseringar av tablettar, seier Madsen.

– Treng ikkje vera redde

Også Legemiddelverkei skal følgja opp det alvorlege uhellet ved UNN.

– Det vanlegaste reknefeilen me ser er tigangen, altså at ein bommar ti gonger. Korleis ein greidde å bomma 20 gonger kan eg ikkje svara på før me har undersøkt saka nærmare, fortel Madsen i Legemiddelverket.

Kreftforeininga påpeikar at me ikkje kjem utanom menneskelege feil i handteringa av medisinar og utstyr på norske sjukehus.

– Men folk skal ikkje gå rundt å vera redde for at dette skjer. Kreftomsorgen i Noreg er god og sjukehusa har gode rutiner, seier pressesjef Vigander.

AKTUELT NÅ